Teater

Djevelsk bra

Djevelen og eg er ein musikalsk fest med god tekst attåt.

Frode Grytten.
Frode Grytten.Frode Grytten.
Publisert Sist oppdatert

Det Vestnorske Teateret

Eg skulle likt å vite kva som kom først – Frode Gryttens monolog eller spelelista med låtane som akkompagnerer historia. Kanskje er dei arbeidde fram parallelt. Uansett; resultatet er framifrå, og tekst og musikk passar som hand i hanske, kanskje litt for godt.

Anna var vel heller ikkje å vente når ein forteljar som Grytten får musikalsk følgje av folk som Tom Waits, Nick Cave, Bob Dylan, Nina Simone, PJ Harvey og Rolling Stones. Og når eminente og allsidige Frode Grytten Beat Band, med Annlaug Børsheim og Pedro Carmona-Alvarez i front, set lyd til denne teaterkonserten.

For det er konsert meir enn teater. Rett nok gjort slik at hovudpersonen heile tida går inn og ut av musikken. Grytten vandrar rundt på scenen og fortel om møta han har med Hinmannen, anten dei finn stad i Satans gule Toyota Corolla 1979-modell eller på andre arenaar. Dette er Gryttens versjon av det klassiske Faust-temaet, eit grep som gir forfattaren høve til å servere eit utval samfunns- og samtidskritikk – kanskje meir morosam enn skarp, stundom også poetisk, og med særleg vekt på det kulturelle, for ikkje å seie det litterære. For forfattaren som sel seg til Mefisto, skriv oppdikta «røyndomslitteratur» og haustar prisar i aust og vest og vil hive Jon Fosse ut av Grotten under kampropet «Grytten i Grotten!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement