Bok

Dikta som deler seg

Du er et levende sted er ei av årets beste diktbøker.

Marte Huke har så langt skrive fire diktsamlingar og éin roman.
Marte Huke har så langt skrive fire diktsamlingar og éin roman.
Publisert

Fleire diktbøker både i fjor og i år krinsar kring graviditet, fødsel, barsel og ungar. Det er for enkelt å kalle dette ein trend, til det er bøkene for ulike. At fødsel hamnar i søkjelyset i samtidspoesien, er ikkje rart. Livet får auka tyding når den økologiske utslettinga, krigane og terroren rugar over samtida. Det er ikkje slik at poetane skriv om fødsel for at dei kan surre rundt i sitt snevre middelklasseliv – det er iallfall ikkje tilfelle med Marte Hukes siste diktbok.

Dikt og prosa

På same vis som celledelinga er eit sentralt voksterprinsipp, er diktboka gjennomsyra av ei dobling, ei spalting, som heile tida overlappar kvarandre: «Gjennom magen ble vi ett/ for å kunne bli to.» I Hukes bok vil ein finne att denne vendinga, tvidelinga, dette at «et dobbelt hjerte» slår og forplantar seg på fleire nivå, legg seg i lag på kvarandre.

Boka vekslar mellom dikt og prosatekstar; geografisk kløyver tekstane seg mellom Trondheim og Berlin. Berlin er sjølv ein by som har vore delt, ideologisk, politisk. Vidare byter skrifta på å vere sjølvbiografisk, ei dagbokliknande, kjapt registrerande livsskrift, og på å vere vend mot samfunnet, politikken, krigen og terroren. Ein vil òg sjå at Huke set dikta sine i ein konstellasjon der mellom andre DDR-forfattaren Christa Wolfs bok Englenes by, inngår. Englenes by (2010) er ein sjølvbiografisk sjangerhybrid der glimt frå amerikansk levemåte vert vovne saman med fortida og refleksjonar over utviklinga etter foreininga av Tyskland.

Forbløffande rikt

Kasta kan vere store i Hukes dikt. Det uskuldsreine barnet, gleda over samværet og utviklinga av lemmar og språk har ein motpol i den utslettande, meiningslause terroren. Det finst eit 22. juli-dikt her, som gjennom daglegdagse hendingar og enkelt språk verkeleg evnar å påkalle redsla og den matte maktesløysa. Det er eit dikt som også er redd for å bli skrive ned, redd for at det ikkje har verdi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement