Bok
Dikt om eit barns død
Notater er ei sørgje- og trøystebok med nakne dikt.
Tua Forsström debuterte i 1972.
Foto: Niklas Sandström
Denne trøyste- og sørgjeboka skreiv den finlandssvenske poeten Tua Forsström då barnebarnet hennar døydde av leukemi. Dikta kom på svensk i fjor og er omsette til norsk av poeten Gunnar Wærness, som bok nummer to i Nord, ein gjendiktingsserie for nordisk lyrikk. Tua Forsström fekk Nordisk råds litteraturpris i 1998.
Med nokre få unnatak er dikta reinska for store kjensleuttrykk. Den anonyme tittelen Notater strekar under dette. Det er mellom linene at fortvilinga trykker.
Vekslande form
Grunnsituasjonen i diktboka er at eg-personen og jenta Vanessa går ned til ein innsjø, til ei strand. Frå den stranda vender dei ikkje samla attende.
Dikta er vekslande i forma – nett slik sorga utleverer den sørgjande til eit ras av motseiingsfylte kjensler og erfaringar. Sverjande, gjentakande sekvensar som går i ring, vert avløyste av utbrot og meir ordfattige og atterhaldne sekvensar.
I siste bolken finst eit knippe essayistiske dikt som alle ber tittelen «Om å ta til seg lærdom og ikke glemme». Dei diskuterer og søkjer trøyst i sitat frå andre poetar og forfattarar, og spør kva døden lærer oss. Her er også eit underleg, fint dikt, bygd på eit TV-intervju frå ein barnehage, attgjeve fritt etter poetens minne. Jenta ordlegg seg slik: «Om ingen kommer for å hente, får barna komme til oss.» Kven er det som tek hand om den som dør, kven tek hand om den som sørgjer? At den yngste har gått først i døden, har skipla ordenen, og dette slår inn i språket.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.