Bok

Dikt mellom lengt og røynd

Ein debut med eit godt og frigjerande lyft.

Erlend Skjetne frå Melhus debuterer med ei samansett diktbok.
Erlend Skjetne frå Melhus debuterer med ei samansett diktbok.Erlend Skjetne frå Melhus debuterer med ei samansett diktbok.
Publisert

Dikt

I dikta til debutanten Erlend Skjetne vert element som natur og segner vovne saman og inn i forholdet mellom to menneske. Dei to bur ein stad omgjeven av natur, langt nord i landet. Det er særleg gjennom dei suggestive naturbileta dikta reflekterer forholdet til det andre mennesket og til seg sjølv: «Med andedrag tunge som fuktig snø,/ fell eg ned att i svevnen,/ trygg på at ingenting skal bli att av mørkeret». Naturen er heile tida nærverande og motsetnadsfylt, både tryggleiksskapande, destruktiv, sanseleg og ven.

Utvikling

Dikta skildrar ei utvikling, ei aldring, for det verkar som dragnaden mot dei tapte sjansane i livet tek større plass mot slutten av boka. Men sistediktet gjer ein volte og opnar seg mot det moglege att: «Ein halvlagd kabal på bordet./ Glaset ope mot det unge/ lyset i mars». Ønsket om at draumen og røynda, kjærleiken og kvardagslivet, naturen og mennesket skal smelte saman til ein ubroten einskap, renn som ein raud tråd i dikta.

Stilistisk vert tvikløyvinga mellom draum og røynd spegla i ei tydeleg veksling mellom dei korthogne brå og dei lengre, meir utbroderande segmenta. Dei to elementa strir mot kvarandre og glir oftast ikkje saumlaust i hop. Sjølv om dikta kan karakteriserast som kortdikt, det lengste strekkjer seg over ei side, kan ein tidvis oppleve nokre sekvensar som ordhage, med setningar som ornamenterer seg, og det gjer dei fordi dikta følgjer logikken i klangane. Nett dette bidreg til at Erlend Skjetne evnar å skape ei gjennomgåande stemning i diktboka, prega av ei meditativ ro undergraven av bråe kast.

Slåande bilete

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement