Bok

Det vedkjem oss

Runo Isaksen studerer innhaldsdeklarasjonen i menneska.

Publisert Sist oppdatert

Om tre dager er jeg fri er ingen fengselsroman, som tittelen kan tyde på. Det er likevel ein fengslande roman. Her har forfattar Runo Isaksen sett kunstnaren og dekoratøren Synna Eeg i sentrum for andres blikk. Med sitt direkte, oppfinnsame og vinnande vesen gjer ho inntrykk på menneska rundt seg, og når vi ser korleis ho pregar andre sine liv, får vi òg eit klårt bilde av dei andre personane, deira tankar og motivasjonar.

Blanke ark

Flettverksromanen består av seks kapittel og har fire ulike forteljarstemmer: Synnas barndomsvenninne Elvira lever i eit forhold som er stagnert, der partane ikkje lenger kan kommunisere. Mora Jakobine er sjølvmedlidande og alkoholisert. Bestemora Maja ausar av sin kjærleik og sitt overskot. Gjennom dei seks kapitla går ein raud tråd: Forretningsmannen Konrad Riber bygger eit nytt hotell i Bergen midt i koronapandemien, der Synna har eit utsmykkingsoppdrag. Gjennom den fjerde forteljarstemma, hotellbyggarsonen Charlie Riber, ser vi konturane av ein oppvekst under finansåket som ikkje alltid har vore like enkel.

Isaksen set i første rekke skjebnar i spill. Eit sentralt tema i romanen er spørsmålet om kva ein lengtar etter eller drøymer om i livet. Med den handlekraftige Synna som nav og inspirasjon kan ein seie at det likevel ikkje handlar så mykje om fastlagde skjebnar som det å hugse på at vi òg er vandrande blanke ark: Vi kan ta tak i liva våre, alt er ikkje bestemt på førehand.

Nille-syndromet

I sitt drivande overskotsspråk kan forfattaren til tider ha litt for stor toleranse for klisjeane, som i frasane «vinen smakte himmelsk», «Det kjentes som å smelte, han hadde kjøpt en presang til meg!», «Øynene hennes tindret, hele ansiktet glødet» eller «som to puslespillbrikker som ikke hører sammen». Men dette kjem i bakgrunnen når ein ser korleis Isaksen turnerer spørsmål som det å ikkje bli sett i eit forhold (men kanskje bli sett av ein annan), det å bli trekt mellom ansvarskjensle og fridomstrong eller det å drikke opp alle pengane sine og dermed bli tvinga til å seie høgt til seg sjølv og andre at ting du får kjøpt på Nille er kjempefine. Romanens styrke er at han kjem så langt og tett inn på personane – i smått og i stort – at dei får både liv og konsekvens for oss.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement