Bok
Det totalitære stjernedømet
Stalinisme er eit betre namn på Kim Jong-uns ørkenland.
Forfattar Terje Albregtsen mislikte sterkt å sjå knefallet for gamle leiarar som enno er «i live».
Foto: David Guttenfelder / AP / NTB scanpix
Nord-Korea er i vinden for tida. Toppmøtet mellom Kim Jong-un og Donald Trump har ikkje gjort interessa mindre. Dei 18 millionane i nord er sette i spel mellom stormaktene. No undrar alle seg over kva som kjem til å skje.
Toppmøte er så mangt. I 1938 kom Neville Chamberlain heim frå Hitler i Berghof og vifta med eit papir: «Peace For Our Time». Det varte ikkje lenge. I 1961 hadde vi eit tilsvarande toppmøte i Wien mellom Nikita Khrusjtsjov og John F. Kennedy. Der herja den sovjetiske leiaren med den unge presidenten.
Khrusjtsjov trudde Kennedy var så svak at han kunne testa han. Cuba-krisa, der verda stod framfor eit kjernefysisk ragnarok, vart resultatet.
På den andre sida vart møta mellom Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov fruktbare, likeins mellom Konrad Adenauer og Charles de Gaulle. Om vi tenkjer på kor uføreseielege slike arrangement kan vere, gløym ikkje den spontane folkelege hyllinga av Willy Brandt i Erfurt etter at han hadde møtt Willi Stoph og dei andre DDR-leiarane. Det sette i gang ei hending som synte seg å vera historisk viktig.
Undertrykkingssystem
Men kva veit vi om tilstanden i det lukka landet Nord-Korea? Om einskildmenneska, om fattigdomen, helsetilstanden til folk, mangelen på mat, den massive politiske undertrykkinga, leirsystemet for opposisjonelle og dei vilkårlege fengslingane? Maktkampane i leiarsjiktet, drapa på nærståande familiemedlemer og generalar?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.