Bok

Det planøkologiske fyrverkeriet

Terje Rasmussen har reist Finn Gustavsen eit monument og utvida forståinga av norsk politikk i siste halvdel av førre hundreåret.

SV gjorde eit godt stortingsval i 1973. Frå venstre: Per Eggum Mauseth, Finn Gustavsen og Kjell Cordtsen. Bak fra venstre: ukjent,Berit Ås, Madz Sandman og Rolf Hanoa.
SV gjorde eit godt stortingsval i 1973. Frå venstre: Per Eggum Mauseth, Finn Gustavsen og Kjell Cordtsen. Bak fra venstre: ukjent,Berit Ås, Madz Sandman og Rolf Hanoa.
Publisert

Tittelen på denne meldinga er vald med omhug. Lesaren vil stusse. For er ikkje Finn Gustavsen, stortingsmann i to omgangar (1961–69 og 1974–77), redaktør for vekeavisa Orientering og velskrivande sakprosaforfattar, fyrst og fremst knytt til den planøkonomiske retninga i norsk politikk?

Jo, det er rett. I økonomisk politikk stod Finn Gustavsen for planøkonomi med utjamning og sosialisering av bankane som hjørnesteinar. Men eit viktig poeng med den fine biografien til Terje Rasmussen er at han syner kor open Gustavsen var for nye tenkjemåtar i politikken.

I memoarboka Kortene på bordet frå 1979 kjem dette klart fram. Kva meining gav det i det søkkrike Noreg å kome med ustoppelege lønskrav, spurde Gustavsen, i ei verd med knappe ressursar, enorm fattigdom og tiltakande miljøforverring?

Rasmussen syner at Finn Gustavsen, saman med Kåre Øystein Hansen, var ein av de fyrste til å åtvare mot miljøverknadene av olja. I ein merknad frå 1974 til Oljemeldinga skreiv dei at «jordens klima og varmebalanse kan bli endret på uforutsett vis». Til Høgre kom han med denne bannbullen: Partiet «appellerer til de sletteste instinkter i vårt folk når det gjelder å karre seg til mammon». Økologi og jamnare fordeling vart merkesteinar for Sosialistisk Folkeparti (SF).

RÅKA I ISEN

Gustavsen ville ha større likskap, nedrusting, bort med blokkpolitikken og norsk medlemskap i Nato og meir til u-hjelp. Antikolonialisme var eit avgjerande merke for Gustavsen, som det var for heile SF frå starten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement