JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Det ljomande fråværet

Romanen er ein ballong som stig kraftfullt til vêrs, men som dalar litt mot slutten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ingrid Melfald Hafredal er forfattar og omsetjar.

Foto: Pernille Marie Walvik

3656
20230428
3656
20230428

Roman

Ingrid Melfald Hafredal:

De som venter

Oktober

Kva skjer når nokon blir borte? Når ein ikkje veit kva som har skjedd, om personen lever eller er død? Det veit Bjørn og dottera Silje, etter at mor til Silje, Kjersti, ein dag forsvinn. Etter sju år har dei fått livet sitt omtrentleg på plass, men holet etter mora er framleis stort og utetteleg.

Dirringa

Romanen De som venter er delt i tre. Vi får først historia frå Bjørn si side, deretter frå Silje, til sist er det Kjersti sjølv som kjem til orde. Bjørn er friluftslivslærar ved ein høgskule. Han er godt likt av elevane og har sjølv eit nært forhold til naturen. Han vekslar mellom å engasjere seg i kvardagen og gi seg over til saknet av Kjersti, mellom anna ved å lese dagbøkene hennar.

Silje studerer i ein annan by, ho bur i kollektiv og er ikkje sikker på om ho vil bli lærar eller kunstnar. Det er noko skada over henne, ho saknar mora intenst, og ho tar fram minne og undersøker dei. Ho oppsøker ei synsk dame for å få svar.

Ingrid Melfald Hafredal bygger opp dei ulike stemmene meisterleg. Forsvinningshistoria byr på si eiga spenning, men i tillegg utviklar ho både Silje og Bjørn slik at den indre rakninga deira kjem meir og meir til syne. Når temperaturen blir høg nok, er det slutt på å høyre frå dei. Då står ei dirring igjen for ein svimmel lesar, som blar nysgjerrig vidare.

Ulike verdsbilde

Mysteriet er elegant turnert gjennom stemmene til dei etterlatne, men interessant er det òg korleis Hafredal får fram ulike verds- og situasjonsoppfatningar. Silje kjem ved eit tidspunkt på besøk til faren; dei har glidd frå kvarandre siste året. I Bjørns kapittel høyrer vi korleis han «gjenfortel» dette møtet. I Siljes kapittel får vi servert den same hendinga, men då med forskyvingar: Ho hugsar det annleis, ho har lagt vekt på andre ting i samtalen, ho har sine eigne tolkingar av farens vesen og framferd.

Ein underliggande tematikk er òg mistrua. Når Bjørn ein gong er blitt mistenkt for å ha noko med forsvinninga å gjere, kan han nokosinne riste av seg mistanken, sjølv om han ikkje lenger er i søkelyset? Mistenker kollegaer han, folk i bygda, hans eiga dotter? Mistenker lesaren han? Eller er det berre han som mistenker folk for å mistenke han?: «Ok, sier jeg, men da har jeg alt sett det, draget over ansiktet de alle fa°r, tvilen som legger seg som et rusk i øyet.» Silje lurer, hjarteskjerande nok, på om ho er ein person «som folk forsvinner fra».

Det er mange måtar å bli borte på, for seg sjølv og andre.

For mykje krut

Når vi høyrer frå Kjersti sjølv (i tida før forsvinninga), kjem det fram at ho har sider som familien ikkje naudsynleg har fanga opp. Ho er en fri sjel, men noko ustabil. Hafredal plantar spor som peikar mot ulike forklaringar på forsvinninga. Ein fri og ustabil person kan for eksempel velje å forlate alt sjølv, kan ein tenke. Andre spor peikar mot ei ufrivillig forsvinning.

I eit så gjennomkomponert univers av motiv og teoriar, med ei formidabel og kresen språkføring, blir eg likevel skuffa på to punkt. Eg synest delen om Silje er ni sider for lang. Det ville vore krutsterkt å stanse før denne oppnøstande halen. Det andre er at det mot slutten blir planta for mange spor, utan at eg kan seie kvifor eg meiner det, eller i kva retning det er meint å peike. Dette gjer at eg nok synest lufta gjekk litt ut av ballongen der eg ønskte at han skulle ta av. Men sett frå ein annan ståstad er det ikkje naudsynleg slik. Apropos røyndomsforskyvinga.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis