Film

Det er det

Eit varmt og presist drama om overgrep på universitet i USA unngår store ord.

Regissør Eva Victor spelar sjølv hovudrolla i filmen, her saman med Naomi Ackie (t.v.).
Publisert

Litteraturvitar Agnes (Victor) har fast arbeid ved eit ruralt universitet i New England. Venninna Lydie (Ackie) vitjar henne. Praten er nær, utan filter. Dei kosar seg og ler, men mørke minne smyg på. Tilbake i tid har noko skjedd. 

Den tidlegare professoren deira, Decker (Cancelmi), er ein sentral skugge. Snart går vi bakover frå Year of the Baby til Year of the Bad Thing.

Dei har ord

Mellomtitlane er finurlege. Lun humor gløttar stundom fram. Litt etter litt kjem detaljar til syne. Filmen er pratsam, men ropar ikkje. I den mest sentrale samtalen fell ord som: «Men det. Det er jo. Det er det.» Ord er tunge. Agnes og Lydie vik unna dei verste. Den dårlege tingen er verkeleg dårleg. 

I «Spørsmålsåret» lyt Agnes seie kva brotsverk ho har vore ute for. Ho veg orda nøye. Mangelen på presisjon er ein nøyaktig observasjon. Ofte er dialogen drivande. Av og til er fråværet frykteleg bra.

Faget til dei fleste karakterane er litteraturvitskap. Lolita av Vladimir Nabokov er ikkje nett tilfeldig plassert. Til fyret av Virginia Woolf har ein lur, tvitydig bruk. Dei litterære referansane vekslar mellom urovekkjande og vittige. Nokre få karakterar er karikerte, som bitre Natasha (McCormack), men «skurken» er skildra smart og subtilt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement