Teater

Det enklaste er pistol

Tankevekkjande teater om dei som ville amerikanske presidentar til livs.

Musikalen har ikkje vore spelt på norske scener tidlegare.
Musikalen har ikkje vore spelt på norske scener tidlegare.
Publisert

Av alle merkelege tema å lage musikal av har Stephen Sondheim (musikk og songtekstar) valt seg sju menn og to kvinner som har teke livet av amerikanske presidentar, eller freista gjere det. Resultatet er blitt ei medrivande og tankevekkjande framsyning. Og stykket er langt frå reint gravalvor; her er nok av svart humor og ironi. At det har teke tretti år å få denne musikalen til Noreg, kan truleg berre forklarast med at Sondheim ikkje har lagt vekt på å skape iøyrefallande musikk.

Kennedy-drapet

Ramma, og hendinga heile framsyninga arbeider seg fram mot, er drapet på John F. Kennedy. Alt går føre seg i eit svært lagerrom fylt til taket av bokkassar, Texas School Book Depository, der Lee Harvey Oswald (Kristian Berg Jåtten) avfyrte dei lagnadstunge skota frå 22. november 1963.

Det vi får oppleve, er ein freistnad på å forstå kva som dreiv desse presidenthatarane til å ty til handvåpen mot landets leiar. Våpena var, då som no, lette å få tak i. Den Onkel Sam-liknande våpenhandlaren (Svein Harry Schøttker-Hauge) pushar dei på desse mislukka eksistensane med utsegner som at om ikkje livet ditt har blitt slik du ønskte, er løysinga å skyte ein president.

For somme synest personlege problem, frustrasjon eller (tilløp til) galskap og vrangførestillingar å liggje bak, for andre kan det vere politisk misnøye, kjensler av sosial urett og manglande rettferd, konspirative tankar. I somme tilfelle verkar motivasjonen heller uklar. For den første av dei alle var det hemn over borgarkrigen med store tap av menneskeliv, som han meinte Lincoln var skuld i.

Ein samanheng

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement