Bok

Det der livet

Rannveig Fern Leite Molven skriv knakande godt om det alt handlar om, sjølv om det er uråd å gjengi handlinga.

Handlinga er ikkje det viktigaste i romanen til Rannveig Fern Leite Molven, men refleksjonane hennar er svært gode, meiner meldaren.
Handlinga er ikkje det viktigaste i romanen til Rannveig Fern Leite Molven, men refleksjonane hennar er svært gode, meiner meldaren.
Publisert

Når ein fortel om ei bok til andre, spør dei gjerne kva ho handlar om. Det er som om handling er det mest vesentlege trekket ved ei bok, ein film eller eit teaterstykke. Utan handling har ein liksom ikkje noko å «knagge»det på. Men det er ikkje alltid det er så lett å gjere greie for dette. Det kan illustrerast ved eksemplet «verdas kortaste plot», som vi finn i Mens vi venter på Godot av Samuel Beckett: «To menn snakkar om ein tredje mann som aldri kjem.» Det er ikkje handlinga som er det viktigaste i Becketts stykke, like lite som det er det i Rannveig Fern Leite Molvens roman Duelyktene. Romanen er mest ein lang refleksjonstråd over tap, sorg, korleis komme seg vidare, og over kor store dei små tinga i kvardagen kan vere i ein relasjon mellom vener eller elskarar.

Viktige trivialitetar

Det er Astrid som reflekterer. Ho har mista ei dotter, Ute, og ho har ei anna dotter, Elsa. Ho har ein kjærast, Isak, og ho har vener, Laura og Karol. Dei snakkar saman, utvekslar tankar om livet og om forholda sine. Dei har sine rom for samtalar, og dei har behov for å halde somme av romma, samtaleemna, avstengde. Molven lar Astrid ta lesaren gjennom erfaringa av å ha lidd eit stort og ubegripeleg tap og frykta for at det same skal skje med Elsa. Det er inga trøyst i å tenkje på kor «usannsynleg» det er at også ho plutseleg skal døy. Astrid veit at det usannsynlege kan skje, for det har skjedd.

Ein skal òg ta livet sitt tilbake, og det livet er sannsynlegvis like fullt av trivialitetar som før ein mista ei dotter. Ingenting stort og ubegripeleg får vere stort og ubegripeleg i all æve. Andre har òg krav på ein kvardag med små filleting å krangle om. Det tilforlatelege har ein umisteleg plass i liva våre.

I ei scene sit Isak med eit dataspel, og Astrid strekker ut ei hand som eit kjærteikn. Handa hennar blir føyst bort. Denne rørsla har ho aldri møtt frå han før, og ho anar at noko er gale. Slike små, meiningsladde ting er det lesarane blir inviterte inn i, og som Molven skildrar på inngåande og litterært sterkt vis.

Gjer lesarane klokare

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement