JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Destruktiv og god juleunderhaldning

Julefeiringa der ikkje noko skal vere usagt – og heller ikkje blir det.

Er forventningane for høge især på julaftan?

Foto: Helge Hansen & Jonas Bostrøm / Montag

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3489
20231124
3489
20231124

Den Nationale Scene, Lille Scene

Agnes Lidbeck:

Kjøkkenet er hjemmets hjerte

Omsetjing, regi og visuelt konsept; Annika Silkeberg. Musikk og videodesign; Fredrik Arsæus Nauckhoff. Lysdesign; Kari-Ann Skårbø Sande

Kva er det jula gjer med oss? Tida då vi skal ha det godt saman, vere snille med kvarandre og la harmonien senke seg, endar ofte i katastrofe. Især på julaftan. Er forventningane for høge, presset for stort og motsetnadene ikkje til å halde inne? Og så er det jo alle desse tradisjonane som det helst ikkje skal rokkast ved.

Alt dette og meir til har svenske Agnes Lidbeck samla i ein halvannan times nyskriven julekomedie, som på fint vis kombinerer forventningane og katastrofane og også gir rom for det alvorleg dystre. Til å synleggjere korleis dette kan gå så aldeles gale, har ho sett saman ein middelklassefamilie på sju personar, kvar med sine særdrag. Eit pensjonistpar, dei to døtrene deira med ektemann/kjærast og søstera til ho som har vore julaftansvertinne i alle år. Så mykje meir enn velkjende klisjear er dei kanskje ikkje, men det er skremmande lett å kjenne att både seg sjølv og nære slektningar i desse skikkelsane.

Opninga fortel oss at dette kan ikkje gå bra. For her har eldstedottera Tuva (Susann Bugge Kambestad) og mannen Niklas (Hugo Mikal Skår) kapra julaftansfeiringa ved å invitere heile familien heim til seg – berre for å få høve til å syne fram det nye, kostbare kjøkenet som garantert vil få vetlesyster My (Dagny Backer Johnsen) til å døy av misunning. Men den dominerande, kontrollerande og aldri kvilande mater familias Eva (Marianne Nielsen), sjølve tradisjonsskaparen og -dyrkaren, er sur og har sjølvsagt inga tillit til at Susann gjer alt rett. Så ho kjem med både mat, bordduk og anna av frykt for at noko elles vil bryte med den heilage tradisjonen. Mannen hennar, Olaf (Bjørn Willberg Andersen), sit i rullestol og skal helst ikkje seie noko. Det gjer han heller ikkje, men han har ei lita forteljarrolle, og grip elles til gitaren og kjende songtekstar når fortvilinga blir for stor. Frå Italia kjem Anne (Sissel Ingri Tank-Nielsen), systera til Eva. Det skal syne seg at ho lever ikkje det storarta, lukkelege livet der som Eva trur.

Då manglar berre det sjuande hjulet på vogna, Adam (Knut Erik Engemoen) – den nye kjærasten til My. Han har flytta frå kona si, eller kanskje ikkje. Han er litt alternativ, rik på gode råd av varierande relevans for familien han kanskje skal inn i, og er elles meir oppteken av seg og sitt enn dei han har kring seg.

Det blir ein kveld med heftige, til dels stygge, replikkar, kamp om makt, merksemd og sympati, ønske om å ta over huset til foreldra (ut frå dei beste motiv, sjølvsagt). Kort sagt, alle dei ingrediensar ein vellykka julaftan kan ha. Så mykje har desse personane på hjarta at for å klare å gjennomføre alt på halvannan time, må nokre dialogar gå parallelt. Sjølv dette får dei til, takka vere stram regi og perfekt taiming.

Rolla som oversett, bitter mor er ei paradegrein for Marianne Nielsen, og ho leverer praktfullt. Flott er også maktkampen mellom mor og eldstedotter, der Tuva heile tida må forsvare seg, men helst utan å såre mora – noko som sjølvsagt er heilt uråd. Men framsyninga er også eit døme på godt samspel og fine enkeltprestasjonar der alle gir gode bidrag.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis