Teater

Der mykje står på spel

Intenst og nært om lengt, sakn og døden.

Publisert

Den Nationale Scene

Det er ikkje lett å vere barn. Men heller ikkje å vere foreldre – især om du har eigne ambisjonar, eigen karriere du vil dyrke. Dette, og mykje meir, har Linn Ullmann skildra på framifrå vis i den rike og fint balanserte romanen De urolige (2015). Den nedstrippa utgåva vi får sjå i Teaterkjelleren på DNS, tek fint vare på utvalde motiv frå boka og kombinerer nådelaus realisme og vàr poesi.

Teaterstykket er ei 80 minutts versjon av Linn Ullmanns over 400 sider tjukke, sjølvbiografiske roman om livet med to berømte foreldre – Liv Ullmann og Ingmar Bergman. Teksten har vore gjennom ei nordisk vandring før han kom til Bergen. Danske Karen-Maria Bille dramatiserte boka til eit stykke for tre kvinneroller, som gjekk på Dramaten i Stockholm sist haust. Så har den svenske regissøren Annika Silkeberg korta ned og forma om Billes tekst og gjort den eine rolla til mannsrolle, som i romanen. Og Cecilie Løveid har til sist gitt teksten norsk språk.

Døden

Handlinga er plassert på Fårö i Østersjøen, der den berømte regissøren levde siste del av livet sitt. Jenny Andrés matte, grå scenografi er dominert av eit stort basseng, som tallause, svarte ballettsko blir heiste ned i og opp av, og som dei tre medverkande vassar og «sym» i. På treveggene rundt blir sjøen som omgir den vesle øya rett nord for Gotland, projisert.

Mange motiv er vovne saman i denne tolkinga, men to står fram som sentrale – det svikta barnet og døden. Dei skilde foreldra ville vere frie og visste knapt korleis ein tar hand om eit barn. Omsorgssvikt ville ein ha kalla det om ikkje foreldra var så berømte. Barnet blir ein kasteball. Ho vil vere saman med dei begge, «men det var aldri oss tre». Slik blir det også ei sterk historie om lengt og fråvær.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement