Den tysk-austerrikske litteraturveka
Ein omsetjar gjev oss bakgrunnen for tolkingar og omsetjingar.
Omsetjaren Sverre Dahl på ein wienerkafé.
Foto: Solum Bokvennen
Sakprosa
Sverre Dahl:
Gjensyn med Wien og Weimar. Østerrikske modernister og tyske klassikere og romantikere
Solum Bokvennen
Kunne ein seia at Sverre Dahl er the grand old man blant norske omsetjarar? Nei, sjølvsagt ikkje. Å bruka ein slik anglisisme ville vore ei fornærming ikkje berre mot Dahl, men mot eit heilt laug. Men korleis skulle ein omsetja dette uttrykket «grand old man» til norsk? Ikkje «stor gamal mann», slik Google foreslår. Så dette seier noko om dei utfordringane omsetjarar får, og kvifor vi enno ikkje kan erstatta dei med robotar.
Men kva skulle vi då seia om Dahl? Som sant er: at han er ein litteraturhistorikar med doktorgrad på ei avhandling om Hermann Broch, men først og fremst omsetjar, særleg av tyskspråkleg skjønnlitteratur, med meir enn 160 slike omsetjingar bak seg, og høgt verdsett gjennom tildeling av ei mengd norske, tyske og austerrikske prisar. Såleis ein framståande representant for ei gruppe kulturarbeidarar som vanlegvis ikkje får den merksemda som han har fått, men som dei burde fått. Kor ofte les vi ikkje meldingar av omsette bøker der omsetjaren ikkje vert nemnd? Eller vurdert skikkeleg? Det er vel elles opplagt at innsatsen til ein omsetjar ikkje berre handlar om å gjera innhaldet i ei bok på eit framandt språk tilgjengeleg for oss som ikkje skjønar språket. Like mykje handlar det om å utvida vårt eige språk. Tenk på kva som hende med det tyske språket då Luther sette om Bibelen! Dette gjeld like mykje for omsetjingar frå språk vi alt kan, anten det er skjønnlitteratur eller saksprosa. I Noreg kan dei fleste tilstrekkeleg engelsk til å lesa engelske bøker. Likevel omset eller burde vi omsetja slike til norsk. For å gjera vårt eige språk sterkare.
Kulturell horisont
Som vi skjønar: Ein omsetjar må ikkje berre kunna lingvistikken til dei to språka det vert omsett mellom. Omsetjaren må kunna alt det som Google-omsetjaren ikkje kan, nemleg heile den kulturelle horisonten til dei to språka, i veksande sirklar kring teksten: Nærast dei andre verka av forfattaren, så litteraturen og politikken i samtida og til slutt heile historia til nasjonen og språkområdet som forfattaren kjem frå.
No har Dahl gjeve ut ei slik omsetjarens bakgrunnsbok der han tilbyd slike sirklar av forståing som han sjølv har brukt kring bøker han har omsett av nyare austerrikske modernistar (Wien) og tyske klassikarar og romantikarar (Weimar). For rett nok er tekstane i boka alt publiserte som innleiingar til konkrete verk Dahl har omsett, eller dei byggjer på slike, men når dei no kjem ut i ei slik samling, utvidar dei saman forståinga kring alle desse. Det einaste eg er kritisk til når det gjeld heilskapen av denne utgjevinga, er kronologien: at Dahl ikkje først handsamar dei tyske klassikarane/romantikarane, for dei er vel ein forståingssirkel for austerrikarane og ikkje omvendt?
Når det gjeld austerrikarane, tek Dahl først for seg fire forfattarar frå før andre verdskrig: Robert Musil, Hermann Broch, Reiner Maria Rilke og Ödön Horváth. Dette er forfattarar mange har prøvd å lesa, men gjeve opp. Sjølv har eg forsøkt meg på Brochs Søvngjengerne, som lik Musils Mannen uten egenskaper er eit typisk germansk kjempeprosjekt, men eg gav opp. No gjev Dahl ein forståeleg bakgrunn for desse ved å skriva idéhistorisk om Det austerriksk-ungarske keisarriket, som før det var Det tysk-romerske keisarriket, og særleg om fin de siècle-kulturen på slutten av 1800-talet.
Dinest skriv Dahl om fire austerrikske etterkrigsforfattarar. To av dei er godt kjende, for ikkje å seia herostratisk kjende, i Noreg: Thomas Bernhard og Peter Handke. Bernhard for sitt harde oppgjer med Austerrike, og Handke for si politisk ukorrekte støtte til serbarane og Milosevic under og etter Balkankrigen. Men Ingeborg Bachmann er nok òg kjend for mange.
Irrasjonelle vesen
Til saman gjev desse tolkingane og biografiane (for Dahl er heldigvis ikkje motstandar av den biografiske metoden) ikkje berre inntrykk av at det er vanskeleg å vera menneske og forfattar i dette «konditori»-landet utan oppgjer med fortida si, men òg støtte til Platons tese om diktarar som ubalanserte og irrasjonale skapningar.
Denne siste tesen vert ikkje svekt når Dahl i siste del av boka tek føre seg tyske klassiske og romantiske diktarar, der Goethe naturleg får største plassen som ein som lèt klassisismen kontrollera romantikken. Så Goethe er ikkje den som bryt klårast med rasjonalitet, sjølv om dei vitskaplege teoriane hans («urplanta») er merkelege. Dei seinare romantikarane, som Hölderlin, Schlegel, Novalis og Hoffmann, er tydelegare høgspente. Men lagar god litteratur.
Den som til slutt står fram som overgangen frå romantikk til moderne tid – der dei hardt plaga austerrikske forfattarane som Dahls bok byrjar med, høyrer heime – er Tysklands Vinje: Heinrich Heine, både diktar og journalist, med tvisyn og ironi.
Dette er ikkje ei vitskapleg avhandling, men ei bok som formidlar, for ikkje å seia omset, mykje kunnskap til forståeleg norsk, anten det som vert sagt er rett eller kan diskuterast. At ein dyktig omsetjar, som gjennom alle omsetjingane sine har medverka til å utvida det norske språket, maktar det, skulle ikkje overraska.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette er ikkje ei vitskapeleg av-
handling, men ei bok som formidlar mykje kunnskap.
Fleire artiklar
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge Skodvin
Livets dropar
Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.
«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Krig og psyke
Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.
Teikning: May Linn Clement
Ikkje til stades
«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»