Bok

Den skakke barndomen

Jakob Semb har skrive ein gripande roman der språkføringa kunne ha utfordra oss meir.
 

Jakob Semb Aasmundsen er kulturjournalist i Aftenposten og forfattar.
Publisert Sist oppdatert

Barndom kan vere ei uoversiktleg sak. Når kom tida då vi visste kva vi gjorde, når skjønte vi konsekvenstenking? Når kom ansvarskjensla, medkjensla?

Sjølvsagt kom alt dette snikande og flytande, i rykk og napp, gjerne utløyst av skilsettande hendingar. Og om ein var heldig – med litt hjelp frå foreldra.

I Jakob Sembs debutroman Jeg lover, jeg lyver har både hovudpersonen Jonas og venen Herman trygge, forståingsfulle foreldre. Men som alltid deler vener si eiga røynd, langt vekk frå opphavets inngripen, sjølv når dei er sju år.

Eigne opplevingar

Sembs roman er eit forsøk på å forstå kva hendingar som prega seks månader i 2004, då dei to gutane var bestevener, leikekameratar – og «utforska» det seksuelle området. Eg skriv «utforska» i hermeteikn fordi dette er «det eneste lovlige ordet» ein kan bruke på slik åtferd som vaksen, registrerer Jonas i ettertid. Men om det kan ha vore utforsking frå kameratens side, var det «enkelt» for Jonas, som sidan kom ut som homofil med brask og bram?

I fleire intervju legg ikkje Semb skjul på at historia er basert på eigne opplevingar. Gutane veks opp i Tønsberg, dei bur ved ei brygge ved sjøen dei kan hoppe rett ut frå, det er idyll å spore i heimar og hagar og ved sjøkanten. Idyllen står i kontrast til det som etter kvart skal skje i det eskalerande, intime forholdet deira.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement