Musikk

Endeleg eit svar på det ingen har lurt på: Kva får ein når ein blandar kulokk og The Velvet Underground?

Den nye punken

The New Eve i kvitt mot raudt.
Publisert

Det er ei oppbløming i det som eigentlig er britisk-engelsk folkemusikk. Altså folk music, dette vide omgrepet for tradisjonsmusikk.

Fremst i utforskinga er Richard Dawson. Gjennom åtte album har Newcastle-karen dekonstruert ideen om tradisjonsmusikk i sitt eige bilete og laga forteljingar av mytiske proporsjonar og episke lengder. Nokon gonger berre med gitar. Gjerne med fullt band med fiolin, synth og elektrisk fele. Eller det finske rockebandet Circle. Fellestrekket er at musikken er noko vrien å klassifisere.

Dawson vel utradisjonelle melodistrukturar, og nyttar ein heilt eigen vokaldynamikk med god effekt. Saman med eventyrlege og underfundige tekster har Dawson skapt sitt eige folkemusikalske univers. Førre album The Ruby Cord opnar til dømes med eit 41 minutt langt epos om ein eremitt som vaknar og ynskjer å forstå verda i møte med ulike vesen. 

Og ja, eg har høyrt han framføre heile låten, med band, i Wales i 2023.

Forfriskande

Der var, så vidt eg veit, ikkje The New Eves. Men Dawson og band spelte i Brighton seinare same året. Det vil overraske meg om Brighton-kvartetten ikkje var til stades. Dei musikalske vala deira er openbert næra av den same opne og forfriskande tilnærminga til melodi og struktur som Dawson ber fram.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement