Bok
Den krokete vegen fram
Debutromanen til Eirik Willyson er både stram og villfaren. Det held ikkje heilt til mål, men kan likevel vere eit presist bilde på ein skriveprosess.
Eirik Willyson kjem frå Odalen og er busett i Oslo. Han er både dramatikar og scenekunstnar.
Foto: Paal Audestad
«Er det noe den norske litterære offentligheten ikke trenger (…) så er det enda en debutroman av en forholdsvis ung mann som forteller om dette med å vokse opp et sted ute på landsbygda og lengte etter noe helt annet», skriv Eirik Willyson i sin debutroman om ein ung mann som veks opp på bygda og lengtar etter noko anna. Så ein kan ikkje akkurat arrestere forfattaren for å mangle sjølvinnsikt.
Talande kontrastar
Så handlar heller ikkje Odalen berre om bygd og by, lengt og danning, kriser og openberringar, eller kva debutromanar brukar innehalde. Romanen handlar grunnleggande sett om å skrive. Om å få ein idé, å omsetje han til skrift, om å la eit manus ligge i ein skuff i årevis eller bere det med seg til eit forlag. Det handlar om håp og forventningar ein har til både forleggar, redaktør og kritikar – og til om ein i det heile kjem så langt som til å bli vurdert av desse.
Alt dette tenker hovudpersonen på mens han lever i eit samliv med Åsa. Ho er spontan, han er grunnande. Som skodespelar må ho innordne seg eit fellesskap, han er som skrivande ein soloartist. Kontrastane mellom dei er med på å peike på utfordringane han har i sitt eige yrke.
Ikkje straumlinjeforma
Den vesle romanen på om lag hundre sider er strammast i første halvdel. Her les vi om hovudpersonen sjølv i kvardagslivet, og om arbeidet hans med ein roman som handlar om eit ungt par som vel å ta ein pause på fem år for deretter å kunne velje kvarandre på nytt, som om forholdet skulle vere meir gjennomtenkt då.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.