Kunst

Den gløymde målaren

Det var to polar i Aksel Waldemar Johannessens liv: fattigdommen i Oslo og idyllen i Asker.

«Drankerfamilien».
«Drankerfamilien».
Publisert

Haakon Mehren har gjort ein stor innsats med å henta fram kunsten til Aksel Waldemar Johannessen, ein målar som etter sin død i 1922 har vorte heilt gløymd. Oppvaksen på den gong fattigslege Hammersborg i Oslo, og etter kunstutdanning og ein periode på Gjøvik som kunsthandverkar, kom han attende til Oslo i 1912, 32 år gamal. Han stifta Heimen husflid saman med kona, Anna, som var ein del av krinsen kring Hulda Garborg, Kristoffer Updal og Det norske teatret, der han designa kostyme og bunader. Då byrja han å måla, men utan å stilla ut, og utan å tilhøyra dei vanlege kunstnarnettverka. I 1922, etter at kona fekk kreft, drakk han seg i hel. Då arrangerte kona ei minneutstilling hos Blomqvist. Edvard Munch og Jappe Nilsen vart imponerte. Fleire bilete vart selde, men resten forsvann. Og dinest gløymsle.

Funn i ein låve

Så, i 1991, får Mehren greie på at det ligg mange Aksel Waldemar Johannessen-bilete stuva vekk på ein låve i Bærum. Desse, saman med mange andre, alt i alt 80 målarstykke, fekk Mehren restaurert. Han arrangerte fleire Aksel Waldemar Johannessen-utstillingar i Noreg, men òg i utlandet, til dømes i Mantova i Italia, der over 200.000 kom for å sj bileta. Mehren har dessutan gjeve ut to bøker om målaren, der den siste handlar om strevet med å få sett Aksel Waldemar Johannessen på ein rettkomen plass i kunsthistoria.

I boka vert det fortalt ei fæl historie om gamalt agg og prestisje. I samband med den første utstillinga fekk Nasjonalgalleriet tilbod om å kjøpa, men direktøren, Knut Berg, karakteriserte bileta som søppel. Seinare, dersom vi skal tru kjeldene, ringde han til Nasjonalgalleriet i Berlin og truga med at dei aldri ville få låna bilete frå det norske nasjonalgalleriet dersom dei stilte ut Aksel Waldemar Johannessen. Kvifor? Her finst det fleire hypotesar, men ingen av dei kan etter mitt syn innehalda overtydande kunstfaglege grunnar. Berg er no død, men nasjonalgallerimiljøet vil framleis ikkje ha noko med Aksel Waldemar Johannessen å gjera. Dagens Blomqvist-utstilling er såleis ledd i ein framstøyt frå Mehren for at Oslo kommune skal ta imot – gratis – bileta og innlemma dei i Rolf Stenersen-samlinga. Ein god idé.

Tydeleg identitet

Kva slags bilete er så dette? Éi forklaring på kvifor Aksel Waldemar Johannessen sjølv ikkje stilte ut bileta, kunne vera at han meinte at han enno var for påverka av andre målarar som lokka han ut i ulike, sprikande retningar: Munch, Picasso, Degas. Men det i seg sjølv er i alle fall ikkje kritikkverdig. Stravinskij utforska samstundes mange ulike musikkstilar, som han laga flotte pastisjar innanfor. Aksel Waldemar Johannessens pastisj på Munchs tømmerhoggarbilete kunne Munch knapt gjort betre sjølv. Hovudinntrykket på denne utstillinga er tvert imot ein tydeleg identitet, som skil Aksel Waldemar Johannessen frå andre norske målarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement