Den beste spionen og eit ekte mannfolkOm du ikkje liker Kim Philby, er du ikkje eit ekte mannfolk.SERIE

Om du ikkje liker Kim Philby, er du ikkje eit ekte mannfolk.

Kim Philby vert spelt av David Oakes.
Kim Philby vert spelt av David Oakes.
Publisert

I dessa dagar sender NRK ein BBC-serie som handlar om verdas mest vellukka spion. Kva tid serien går, er eg usikker på, men han ligg òg ute på heimesidene til NRK. Kim Philby var eit type menneske som berre britar kan laga. Han voks opp i India der faren var høgt plassert i byråkratiet. Faren konverterte til islam og var rådgjevar og ven av grunnleggjaren av Saudi-Arabia, kong Ibn Saud. Då Philby var i tenåra, var både kongen og faren samde om at han var litt blaut, så dei sende han ut i ørkenen for å leva med beduinane.

Om ikkje anna lærte Philby seg at dette ikkje var noko for han. For drakk, hora og røykte gjorde han konstant resten av livet.

Godt hovud var det òg på guten, han kom inn på Cambridge, vart kommunist og rekrutterte fire andre til å spionera for Sovjetunionen. Gjengen – Cambridge Five – gjorde det nokså bra, dei vart sekretærar for utanriksministrar, kodeskaparar for regjeringa og ymse anna. Lengst kom Philby, han vart både sjef for sovjetavdelinga til MI6 og leiar for heile den britiske etterretninga i Washington.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement