Bok

Dempa og poetisk vellukka

I botnen av ein diktdebut med eit lågmælt poetisk uttrykk, ligg ei sjukdomshistorie.

Lars Olai Lillehagen har studert litteratur både i Oslo og i København, og går no på forfattarstudiet i Tromsø.
Publisert Sist oppdatert

Diktdebuten til Lars Olai Lillehagen er prega av eit lågmælt og konkret poetisk uttrykk. Språket og interiøret i desse små dikta er nøysamt: Her er eit tjern, ein bekk som klukkar og renn, eit telt, eit bål. Og i tillegg til det lyriske eg-et finst det ein person som vert kalla «S.», som også vert omtalt som «hun».

I starten består linene av enkeltord, organisert i tre gonger tre strofer. Etter kvart vert det litt fleire ord på kvar line, og dikta får eit meir variert grafisk uttrykk, men det skrapa inntrykket sit att: «I bunn og grunn er det enkelt:/ Det renner en bekk gjennom skogen.// Tjernet er stille og gjengrodd./ Insekter lyser og danser.// Ringene sprer seg i vannet. På klare netter ser vi opp.»

Dobbeleksponering

I eit dikt i starten ser eg-et «oppe» som «nede» gjennom ei dobbel­eksponering, når det ser trea spegle seg i vatnet: «I trærne ser jeg/ klare speilbilder/ higende gjeller». Skogen vert snudd opp ned. Men meir underleg er det når «Onkologen trer fram fra bak en stamme» og snakkar på klingande dansk, ikkje i vanleg medisinsk terminologi, men med ord som «der findes/ ægte vampyrer!».

Og mellom anna fordi blod og «Blegedamsvej» og «Rigshospitalet» vert nemnt, skjønar lesaren at ei sjukdomshistorie, eit kreftforlaup, faldar seg ut. Kanskje finst ein biografisk bakgrunn for den dansktalande onkologen og Blegedamsvej: På innbretten står det at forfattaren har studert litteratur ved universitetet i København.

Lydleg og visuelt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement