Teater
Dekadanse og kjærleik
Nivået er høgt på alle plan i denne musikalklassikaren.
Direktør Zidler (Anders Baasmo) omgjeven av dansarar.
Foto: Fredrik Arff
Historia er evig og kjend frå både roman (til dømes Kameliadamen), opera (La Traviata, La Bohème) og film. Og i stor grad er musikken og det meste elles identisk med filmen med same tittel. Så mykje er henta frå produksjonen Baz Luhrmann laga i 2001, at sjølv regien i all hovudsak er hans.
Men likevel.
Som scenisk utgåve, med ei sviskerekkje av populære låtar henta frå ulike tiår, er framsyninga på Chateau Neuf i den strålande, jugendprega scenografien, blitt ein versjon full av overskot, framifrå song, dans og ypparleg musisering. Rett nok kunne den mørkare sida av historia vore sterkare framme, men saknet kjennest ikkje plagsamt.
Kjærleiksdrama
Vi er tiåret for dekadanse og bohemar, 1890-talet, og den berømte nattklubben og kabaretscena Moulin Rouge på parisiske Montmartre står i økonomisk krise. Ein greve (Hans Marius Hoff Mittet), like rik som han er egoistisk, kan berge selskapet, men prisen er høg: fullt eigarskap, i alle ordets tydingar, til teateret og den store stjerna og kurtisana Satine (Heidi Ruud Ellingsen).
For Satine står valet mellom å ofre seg for eit ufritt liv i luksus og å ende tilbake i rennesteinane. Då gir svaret seg kanskje sjølv – men så forelskar ho seg i ein ung låtskrivar (Sondre Lerche). Dermed er kjærleiksdramaet i gang – og ei slik historie kan ikkje ende godt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.