Dei som vil undergrava oss
Putin og KGB har øydelagt Russland, og dei prøver heile tida å øydeleggja Vesten.
Vladimir Putin entrar Kreml-palasset i Moskva (2018).
Foto: Zemlianichenko. AP / Scanpix
Tenk deg tida under Margaret Thatcher, og tenk deg korleis ho hadde reagert om Det konservative partiet fekk pengar frå KGB. Ja, ikkje berre partiet, men mange av dei fremste Tory-politikarane òg. Det er sjølvsagt ei heilt tåpeleg øving, noko slikt hadde vore utenkjeleg. Men slik er det i dag, fortel Catherine Belton.
I Overhuset sit det fullt av menn og kvinner som mottek rundt 50.000 pund i året for å sitja i styre hjå russiske selskap som er noterte på London-børsen. Dei rike russarane har nærast fullstendig infiltrert den britiske eliten. Kven er dei største kundane i advokatselskapa? Russarar. Kven betaler «informasjonsbyråa» mest? Russarar. Kven donerer mest pengar til universiteta? Russarar. Lista er lang som eit vondt år.
Men også russarar er menneske, individ som deg og meg? «Don’t the Russians love their children too?» Ja og nei. Så godt som alle rike russarar, anten dei oppheld seg heime i Russland eller ute i verda, er kontrollerte av Vladimir Putin. Pengane er hans, og dei som ser ut til å ha pengar, veit at dei alltid må gjera det som Putin ynskjer gjort med desse pengane. Ein rik russarar er ein KGB-russar, anten han driv med mafia, olje eller gass eller kva det skal vera. «Om staten (altså Putin, red. merk) seier at vi må gje det frå oss», sa eigaren av aluminiumgiganten Rusal, Oleg Deripaska i 2007, «så gjev vi frå oss selskapet. Eg er ein del av staten.» I 2017 kjøpte han seg kypriotisk statsborgarskap.
Terrorfinansiering
Belton var i mange år Russlands-korrespondent for Financial Times og har dekt vondskapen grundig i avisa. I denne boka summerer ho opp det ho og andre har funne. Ho byrjar i DDR, der Putin var agent for KGB. «Putin var ein høvisk ung mann som aldri stakk seg fram», seier ein informant som arbeidde med Putin då. Det er mogleg han var høvisk, men han var fyrst og fremst totalt lojal mot KGB og deltok etter alt å døma aktivt i terrorfinansiering. Så kom han seg heim til det som vart døypt om til Sankt Petersburg, før han vart headhunta til Moskva av Jeltsins menn, for så til slutt å verta utnemnd til etterfylgjaren til nett Jeltsin. Vi kjenner den soga.
Det fyrste Putin gjorde, var å gå etter dei uavhengige mediehusa. Oligarkane der vart fyrste spelte ut mot kvarandre, så tok i røynda KGB heilt over. Nei, det heiter ikkje KGB lenger, men Belton kallar dei konsekvent det. Dei som styrer Russland, var og er KGB. Samstundes som han tok over media, iscenesette Putin etter alt å døma ei falsk terrorbylgje. Ja, det var terror, men Putins menn var terroristane. Den handlekraftige Putin som flaug frå den eine åstaden til den andre, vart ekstremt populær, og han fekk demokratisk legitimitet gjennom suverent å vinna det fyrste presidentvalet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.