Bok

Dei mellomste grekarane

Christine Amadou har skrive ei fin innføringsbok om kven bysantinarane var, og kvifor dei er viktige.

Keisar Justinian (527–565) og biskop Maximianus, samtidig mosaikk i kyrkja San Vitale i Ravenna (utsnitt).
Publisert Sist oppdatert

Dei fleste nordmenn har høyrt om dei gamle grekarane, i det minste som omgrep. Mange har òg vore i Hellas og møtt dei nye grekarane.

Grekarane i mellomtida er derimot mindre kjende. Dei vert gjerne kalla bysantinarar, og dei har ein heilt sentral plass i historia. Det er, kan ein seie, gjennom bysantinarane Vest-Europa kulturelt heng saman med Aust-Europa, og med Midtausten.

Soft power

For å gjere det enkelt plar eg seie at bysantinarane var kristne romarar som snakka gresk. «Det bysantinske riket» er eit namn som ettertida har sett på det som etter delinga av Romarriket på 300-talet vart den austlege riksdelen, med hovudstad i Konstantinopel. I fleire hundre år femna dette riket om heile det austlege Middelhavet. Det store fleirtalet i alle desse landa var kristne, og gresk var fellesspråket.

På 600-talet vart alt land frå Syria til Tunisia hærteke av arabarane, og riket vart redusert til det som i dag er Tyrkia og delar av Balkan. Her var gresk det vanlegaste talemålet, og frå denne tida av vart gresk også offisielt språk, mens latinen gjekk ut av bruk. Men innbyggjarane var framleis romarar, både i eigne og andre sine augo: Når ein del av Italia i dag heiter Romagna, er det fordi han på denne tida høyrde til Det bysantinske riket og difor var romersk.

Riket var framleis ei stormakt, med ein kulturell prestisje som gav soft power.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement