Forsvar
Ei ny verd i emning
Den noverande ordenen som skal trygge verda mot atomvåpen, kan stå for fall, meiner forskaren Pavel Podvig.
Burevestnik-missilet, som er drive av ein atomreaktor, er eit av prestisjeprosjekta til president Putin. Det kan fly lenger enn noko anna missil, men er teknisk krevjande å produsere. I haust prøveskaut Russland missilet endå ein gong. Biletet er frå ei tidlegare prøveoppskyting i 2018.
Foto: RU-RTR Russian Television / AP / NTB
Litt tid tar det før vi kjem i gang: Eg sit i einerom med ein av verdas leiande atomforskarar, russiske Pavel Podvig. Det vil seie – heilt åleine er kanskje å overdrive: Stadig plingar det i Podvigs mobiltelefon. Kanskje er det eit spørsmål frå New York Times, som intervjua han nokre dagar føreåt. Kanskje er det CNN, der han stadig dukkar opp for å kommentere, kanskje er det BBC. Podvig er blir hyppig sitert i vestlege medium.
– Orsak, eg må berre svare på denne, seier han.
Det har vore ei travel veke når eg møter han i byrjinga av november. I Washington DC varsla Donald Trump at han ville byrje med kjernefysiske testar att, for første gong på over 30 år. Deretter skunda hans eigen energiminister seg med å forsikre at testane ikkje inneber kjernefysiske eksplosjonar – og bidrog til kanskje endå større forvirring. Og i Russland? Der har Vladimir Putin nett testa eit nytt radioaktivt missil som kan skyte kjernevåpen over ei større lengd enn nokon gong tidlegare.
Spørsmåla frå internasjonal presse tikkar stadig inn på mobilen, men Podvig sjølv tar det med heile med stoisk ro. Han har kontroll. Han har mastergrad i fysikk og doktorgrad i statsvitskap – ein sjeldan kombinasjon – og kjenner derfor til både teknikken og politikken bak kjernefysiske våpen. Atompolitikk har han jobba med i ein mannsalder, og han har gjesta fleire internasjonale prestisjeuniversitet, som Princeton, Stanford og Massachusetts Institute of Technology. I dag jobbar han som uavhengig ekspert i Genève.
Og uavhengig, det er han: Då Russland gjekk til fullskalaåtak på Ukraina for snart tre år sidan, kalla den russiske forskaren hendinga for «eit brotsverk, eit mistak, dumskap og forræderi» på X, og han synte klar støtte til ukrainarane. Samstundes har han synspunkt som strir med vedtekne sanningar i vestleg tryggingspolitikk. Medan dei fleste vestlege regjeringar snakkar om opprusting i møte med trugselen frå Russland, meiner Podvig at langsiktig nedrusting kan vere nøkkelen til fred i Ukraina.
Også når det gjeld kjernevåpen, er konklusjonen etter 30 års forsking klar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.