Dei gudfryktelege

Vellaga og fengande gisseldrama, om ikkje akkurat ein kontroversiell eller original film.

Publisert Sist oppdatert

Unge, uerfarne Daniel (Smed) vil prøva seg som fotograf, og på ein tur til grenseområda i Syria for å ta bilete av kvardagslivet, vert han kidnappa og mistenkt for å vera CIA-agent. Han hamnar etter lang tid i ei celle med den sakna amerikanske journalisten James Foley (Kebbell) og fleire andre. Familien i Danmark og mellommannen Arthur (Berthelsen) prøver å ordna løysepengar til Daniel, samt omgåast dei statlege retningslinjene for forhandling med terroristar.

Prinsippa

Det manglar diverre ikkje historier om journalistar og hjelpefolk som har forsvunne inn i hendene på lovlause med ymse motiv for kidnapping. Det vil seia, når alt kjem til alt, er det stort sett pengar som er hovudgrunnen. Og kjem ein frå Vesten, klarar ein som regel å kara saman pengane om det er krise nok. Det er vel difor land som Danmark har steinharde prinsipp på å ikkje betala for gislar. Eg trur ikkje meininga med 13 måneder er å stilla spørsmål ved desse prinsippa, det er meir eit reint drama der me skal skjøna meir av kva som skjer for dei som hamnar i dette helvetet. Vissa om kva veg det er nøydt til å gå med medgisselet James Foley gjer det ikkje lettare å sjå på. Han vart avretta for kamera i ettertid, ei sak som skapte overskrifter og forskrifter i USA og resten av verda. Men korleis klarte Daniel seg?

Rett fram

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement