Dei gudfryktelege
Vellaga og fengande gisseldrama, om ikkje akkurat ein kontroversiell eller original film.
Krigsdrama
Regi: Niels Arden Oplev, Anders W. Berthelsen
13 måneder (Orig. tittel:
Ser du månen, Daniel)
Med: Esben Smed, Toby Kebbell, Anders W. Berthelsen
Kinofilm
Unge, uerfarne Daniel (Smed) vil prøva seg som fotograf, og på ein tur til grenseområda i Syria for å ta bilete av kvardagslivet, vert han kidnappa og mistenkt for å vera CIA-agent. Han hamnar etter lang tid i ei celle med den sakna amerikanske journalisten James Foley (Kebbell) og fleire andre. Familien i Danmark og mellommannen Arthur (Berthelsen) prøver å ordna løysepengar til Daniel, samt omgåast dei statlege retningslinjene for forhandling med terroristar.
Prinsippa
Det manglar diverre ikkje historier om journalistar og hjelpefolk som har forsvunne inn i hendene på lovlause med ymse motiv for kidnapping. Det vil seia, når alt kjem til alt, er det stort sett pengar som er hovudgrunnen. Og kjem ein frå Vesten, klarar ein som regel å kara saman pengane om det er krise nok. Det er vel difor land som Danmark har steinharde prinsipp på å ikkje betala for gislar. Eg trur ikkje meininga med 13 måneder er å stilla spørsmål ved desse prinsippa, det er meir eit reint drama der me skal skjøna meir av kva som skjer for dei som hamnar i dette helvetet. Vissa om kva veg det er nøydt til å gå med medgisselet James Foley gjer det ikkje lettare å sjå på. Han vart avretta for kamera i ettertid, ei sak som skapte overskrifter og forskrifter i USA og resten av verda. Men korleis klarte Daniel seg?
Rett fram
Ut frå at 13 måneder baserer seg på ei sann historie og dermed veit me at han kjem seg heim, er det likevel nervepirrande å følgja med på kva som skjer med Daniel og medfangane. Det er sjølvsagt lagt veldig opp til at me sympatiserer med den sympatiske familien til Daniel, men eg trur ikkje hovudintensjonen til filmen er å kritisera politikken til dei danske styresmaktene som nektar å gje familien lån til løysepengar. Heller ikkje å nøra opp under islamhat, då dei radikaliserte britane i IS knapt kvalifiserer som religiøse, anna enn å skyva Allah framfor seg på sitt skrudde, forhatte vis. Filmen er såleis heldigvis ikkje formanande og belærande, berre ein gripande observasjon av det verste som kunne skje ein godtruande, ung mann med kamera på slep og altfor blåe auge.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.