Dei fleste revolusjonar endar i tragediar
Dei historiske blodspora til venstre lèt seg like lite bagatellisera som brotsverka frå høgre. Kva forklarar valden i humanitetens namn?
Revolusjonens barn er ei viktig og mangfaldig bok. I den fortetta ideologiserande verda vi lever med i dag, har analysar av dette slaget fått ein presserande aktualitet.
Fem tema utgjer grunnsteinane i boka: 1) Kvifor har dei aller fleste revolusjonar frå venstre ført til store lidingar og massemord? 2) Kvifor har politiske utopiar hatt eit slikt kjenslemessig tak på den europeiske venstresida? 3) Korleis kan vi forklara kvifor Arbeidarpartiet vart revolusjonært i byrjinga av 1920-åra og at Sovjet-ovundringa heldt seg så lenge? 4) Korleis er det mogleg å forstå den påverknadskrafta som det maoistiske AKP (m-l), hadde i syttiåra blant (relativt) høgt utdanna menneske i ein krisefri økonomi som den norske? 5) Kva er likskapspunkta mellom høgre og venstre, mellom dei ulike formene for fascisme/nasjonalsosialisme og kommunisme/stalinisme?
Det historiske bakteppet i Revolusjonens barn vert drege opp av den franske historikaren Stéphane Courtois i storverket Le livre noir du communisme – crimes, terreur, répression frå 1997 (Kommunismens svartebok, som òg finst i engelsk og svensk utgåve). Courtois dokumenterer her i detalj talet på offer for kommunistiske regime og rørsler frå 1917 til 1987: omkring 170 millionar. Berre Sovjetunionen stod for 20 millionar av desse, meiner Courtois. Dette er tal som unndreg seg rasjonell forståing, men dei kan ikkje feiast bort. Berre dei enorme offera til det russiske folket i kampen mot Hitler kan forklara kvifor kommunismen likevel heldt eit slik emosjonelt nakketak på venstresida lenge etter andre verdskrigen.
Sosio-psykologi
Courtois set seg som mål å etterrøkja dei djupe sosio-psykologiske årsakene til at dei fleste revolusjonar frå venstre sluker borna sine og endar i terror og massemord. Appell til idealisme er eit nykkelord her. Fleire av resonnementa hans er like gyldige for revolusjonane frå høgre (den italienske fascismen og den tyske nasjonalsosialismen), til dømes appellen til offervilje, patriotisme og ueigenytte.
For å setja denne analysen i perspektiv: Lat oss fyrst ikkje gløyma den historiske rekneskapen etter venstrerevolusjonane. Oktoberrevolusjonen (som byrja som eit statskupp) enda i Stalins GULag og Moskva-prosessane i 1937, der Stalin drap omtrent alle som var med Lenin i 1917; Maos redsleregime, som førte til 70 millionar offer (avhengig av reknemåten); Kim il Sung og det poststalinistiske tyranniet i Nord-Korea som var resultatet av revolusjonen i eit land som den dag i dag ligg i botnlaus fattigdom. Og då har vi ikkje nemnt noko av det verste i desse tragediane: dødsmarkene til Pol Pot i Kambodsja (1,7 millionar drepne frå 1975 til 1979).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.