Teater
Dårleg utnytting av spennande materiale
Røyk over Isdalen er ei årleg utnytting av spennande materiale.
Herman Ljung i stykket som hadde urpremiere i Teaterkjelleren 15. oktober i år.
Foto: Thor Brødreskift
Denne hausten er det 50 år sidan liket av ei sterkt forbrend kvinne blei funnen i Isdalen, like ved ei av Bergens viktigaste drikkevasskjelder. Det har vore skrive og spekulert svært mykje om kven kvinna var, og kva ho gjorde her. Hovudteorien er at ho var spion for ei utanlandsk makt, men i 2018 kom ei grundig bok med ein ikkje like overtydande tese om at ho var prostituert.
I åra 2016–2019 produserte NRK serien Gåten i Isdalen, som også førte til ein podkast laga i samarbeid med BBC. Stykket Aslak Moe har skrive og sjølv har regien på, er dels ei litt farseprega latterleggjering av NRK-serien, som skal ha vore full av feil, dels ei promovering av prostitusjonsteorien.
Kanskje er det ikkje så lett å lage dramatikk av denne historia, men materialet er i seg sjølv så spennande at det skulle vere råd å få til noko meir interessevekkjande enn dette. Moe har gjort det til ein miks av fakta og fiksjon, med fleire roller som dei medverkande går inn og ut av, og med ein slags hovudperson som er ein interessert utanforståande. Men det verkar så halvhjarta og uinspirert at teatersjefen burde ha gripe inn. Å lage teater av lokalt stoff har ein rik tradisjon, men denne framsyninga er av same slaget som den kunstnarlege fiaskoen Skipet de Zee Ploeg på same teateret for halvtanna år sidan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.