Film
Danse mi vise
Ein overraskande lett og fin film, sjølv om undertonen er mollstemt.
Den svensk-georgiske regissøren Levan Akin står bak filmen, som er eit kjærleiksbrev til Georgia, skriv produsenten.
Foto: Arthaus
I den georgiske hovudstaden Tbilisi har venegjengen vore del av dansemiljøet sidan dei var små. Det heile vert hakket meir alvorleg for Merab (Gelbakhiani) då han vert teken ut til å stille på audition for ein plass på det nasjonale dansekompaniet. Det same gjer nykomaren Irakli (Valishvili). Utover å vera konkurrentar om den gjæve plassen fattar dei interesse for kvarandre på andre måtar også.
Sveorgisk
Regissør Levan Akin er oppvaksen i Sverige, men kjenner godt anane sine i Georgia. Dei overfylte, fargerike Tbilisi-leilegheitene er eit nydeleg bakteppe – byen har ein varme som kjem gjennom, sjølv kor nedsarva og slite alt er. I midten står ein hovudperson som er nærast umogleg å ikkje lika. Og han har ein konkurrent det er nærast umogleg å ikkje skjøna at han blir tiltrekt av.
Georgia er på mange måtar moderne, men homofrigjering driv dei ikkje med i stor skala. Slik er det heller ikkje mange førebilete for Merab, så berre tanken verkar fyrst framand for han. Og om du trudde georgiske dansarar er som vestlege ballettdansarar, så er dei det i alt anna enn kultur. Dette er mannemenn, dansing har høg maskulin status. Paradoksa står på rad for vestlege auge, men så er ikkje verda skapt av Vesten heller, og så får heller ironien vera at ein svenske har laga filmen.
Nyansane
Det heitaste reisemålet for vestlege turistar dei siste åra har vore nettopp Georgia. Landet har ei rik kulturhistorie, knallgod mat, vakker arkitektur og natur, og det til ein særs billig penge for oss privilegerte. Georgia har høg arbeidsløyse og lite velferdssystem, noko som gjer at turismen er viktigare enn nokosinne. Og som gjer at unge menneske er langt meir interesserte i å leva av kulturen, som gjennom tradisjonsdans og folkemusikk, enn dei treng vera her til lands.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.