JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Dagsljoset i ei mørk verd

Historia om den kristne avisa Dagen er òg ei historie om landet vårt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5639
20190906
5639
20190906

Sakprosa

Dag Kullerud:

Dagen 1919–2019. Kulturell motstemme i hundre år

Cappelen Damm

Journalist og forfattar Dag Kullerud fekk frie hender då redaktør Vebjørn Selbekk engasjerte han til å skriva ei bok om Dagen i samband med 100-årsjubileet for avisa. Eit klokt val: Kullerud skriv godt og journalistisk, frå ein vennleg, men kritisk posisjon utanfor Dagens eigen ståstad. Resultatet har vorte ei stor forteljing som, slik avisa sjølv ønskjer å gjera, vender seg like mykje til vestlandske Dagen-lesarar som til resten av landet.

Det er eit særmerke for Noreg at det vi kallar motkulturar: fråhaldsrørsla, målrørsla, bondeorganisasjonar og altså her lågkyrkjeleg kristendom, alle har vore så sterke, samanlikna med andre land, at dei har vore naturlege deltakarar i identiteten og kulturen til storsamfunnet.

Dette er eit hovudtema for Kullerud: Motkulturane, i dette tilfellet dei lågkyrkjelege som stifta og dreiv fram denne kristelege avisa Dagen, danna ikkje parallellsamfunn. Med dagens terminologi: Dei har vorte vellukka integrerte i storsamfunnet. KrF sit i regjeringa, det er framleis sundagsstengde butikkar, vi har vinmonopol, og 25 prosent nynorskkvote i NRK, og det finst to partiuavhengige kristelege dagsaviser, Vårt Land (opplag 20.000) og altså Dagen (10.000). Men Kullerud tek òg opp korleis særleg Dagen etter kvart nettopp har late seg driva inn i eit innskrenka parallellsamfunn i møtet med sekulariseringa.

Nyhendeavis

Det er tre hovudbolkar i boka: Den første handlar om då Johannes Lavik var redaktør, åra 1919–1952. Men mykje handlar òg rett og slett om familien Lavik. Far til Johannes, Andreas, var indremisjonshovding og stortingspolitikar frå Hordaland, for Moderate Venstre, saman med Lars Oftedal, men usamd med han: Andreas ønskte seg eit ope samarbeid mellom lågkyrkjelege, dissidentar og statskyrkja, medan Oftedal var snevrare oppteken av indremisjonen. Denne «allianseånda» til Andreas låg til grunn då Dagen vart etablert, rett etter at han, som ein annan Moses, døydde før han kom inn i Avis-Kanaanslandet i Bergen. Difor vart det sonen, Johannes, som ein annan Aron, som vart redaktør og førte vidare programmet til far sin. Då hadde alt (1904) ein annan Johannes Lavik, nynorskmann og fetter av den bokmålsskrivande Dagen-Johannes, grunnlagt og vorte redaktør i Gula Tidend. Ein annan fetter var Nils Lavik, grunnleggjar av KrF og partiets første stortingsmann (1933). Mor til Dagen-Johannes dreiv forresten Misjonshotellet i Bergen. Litt av ein (heilag) familie!

Kulleruds forteljing om Johannes Laviks redaktørtid gjennom mellomkrigstida og fram til 1952 (avisa gjekk inn under okkupasjonen), er i stor grad ei forteljing om korleis Lavik realiserte programmet om å kombinera det pietistisk individkristelege med det samfunnskristelege gjennom å utvikla Dagen til ei vanleg nyhendeavis for å unngå at avisa vart eit kyrkjelydsblad for indremisjonen. Ikkje minst har avisa ei stolt historie når det gjeld tilhøvet til nazismen, der ho i god tid før Hitler kom til makta, formidla presise analysar av det ukristelege i denne ideologien.

Lavik sjølv er vel litt av ein helt for Kullerud: Av di han skreiv leiarar som var lite dømmande og styrte av ønske om kristenalliansar, sjølv om han òg vert teikna som noko veik når lesarmarknaden kravde tilpassing. Men at avisa er stabilt pietistisk, forstår vi når vi høyrer at ho ikkje vil sleppa inn annonsar for noko så syndig som kino.

Indremisjonspietisme

Den andre bolken, som treffande nok har tittelen «Åndskamp», handlar i hovudsak om redaktørtida til Arthur Berg (perioden 1955–1985) og den etterfølgjande åndsfrenden hans, Finn Jarle Sæle (åra 1985–1999). Når Berg tek over, skjer det ei endring i redigeringa i retning av dogmatisk skrifttru indremisjonspietisme. «Vestlandsfanden» tek over, eller eigentleg «Vestfoldsfanden», for Berg kjem frå Brunlanes. Men kan hende er det like mykje det stadig meir sekulariserte storsamfunnet som provoserer fram desse reaksjonane, slik at Lavik ville ha stått for same line som Berg.

Både statskyrkje og frikyrkjer vart radikaliserte i takt med 68-opprøret. I dag er kvinner i fleirtal i bispekollegiet. Arthur Berg er elles ingen kompromissets mann: «Akkordens ånd er Satan!» som Brand seier. Han kjempa beinhardt mot EEC, EF og EU, og mot kvinnelege prestar og abort («fosterdrap»). Og mot at kvinner kledde seg i bukser: «Gylfen i en slik bukse er, bortsett fra at den er kvinnediskriminerende, også en ussel anatomisk løgn.» Ofte skjer det på eit vis der reportasje og kommentar vert blanda saman. Kullerud er likevel flink til å få fram dei gode sidene til Berg. Det er verre med Sæle, kan hende av di Kullerud ikkje finn slike sider der. Faktum er at både Berg og Sæle måtte slutta som redaktør etter konfliktar med styret.

Tredje bolken handlar om korleis Dagen er profesjonalisert når det gjeld både layout og dei journalistiske krava frå PFU. Både her og tidlegare i forteljinga få vi høyre om mykje som eigenleg er ei intern bedriftshistorie: om organisering og økonomi, av interesse for mediefolk. Dei nye redaktørane er tydelegvis meir pragmatiske, men har samstundes akseptert at dei ikkje kan konkurrera med nyhendeformidlinga i andre medium, og difor konsentrerer seg om det reint kristelege.

Det er all mogeleg grunn til å gratulera Kullerud med ei bok som handlar like mykje om Noreg som om Kristen-Noreg.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ikkje minst har avisa ei stolt historie når det gjeld tilhøvet til nazismen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis