Charles Mingus i storform
Mingus byr på to timar musikk med humoren i høgsetet.
Jazz
Charles Mingus:
The Lost Album from Ronnie Scott’s
Jon Faddis, trompet; Charles McPherson, Bobby Jones, tenorsaksofon og klarinett; John Foster, piano og vokal; Charles Mingus, bass; Roy Brooks, trommer og sag. Resonance
Denne liveplata, teken opp på Ronnie Scott’s i London 14. og 15. august 1972, har betydd meir for meg enn det musikalske innhaldet strengt teke skulle tilseia. Musikken, som er sett saman av gamle Mingus-travarar og relativt nytt stoff, er spelt av eit sprudlande og dedikert band leia av ein komponist, bassist og orkesterleiar som for ein periode hadde funne attende til sitt gamle eg. Opptaka er restaurerte, og lyden er akseptabel og vel så det. Det finst likevel meir skilsetjande liveplater i namnet til Mingus.
Interessa mi for plata kjem som sagt ikkje berre av dei musikalske kvalitetane som tvillaust er her, men fordi eg som 18-åring «nyfrelst» jazzinteressert høyrde Mingus på Ronnie Scott’s – ikkje 14. eller 15. august, men ein kveld mellom 3. og 5. august. (Engasjementet på den vidgjetne klubben varte frå 1. til 15. august.)
Eg minnest framleis Louis Armstrong-pastisjen «When The Saints Go Marching In», ikkje minst då Mingus tok famntak rundt bassen og svinga seg rundt. Eg minnest ein «uendeleg» lang versjon av klassikaren «Fables of Faubus» proppa med musikalske sitat og innfall. Eg minnest det gneistrande spelet ein 19 år gamal trompetar, Jon Faddis, som hadde den karakteristiske Dizzy Gillespie-trompeten, men ikkje minst hugsar eg Mingus sjølv som styrte musikken med blikk, kommentarar og innspel på bassen med ein kombinasjon av humor og autoritet.
Her er godt over to timar musikk fordelt på tre CD-ar. Høgdepunkta er fleire, men den 35 minuttar lange «Fables of Faubus», der Mingus avsluttar med eit ni minuttar langt basskor, er saman med den påfølgjande Louis Armstrong-hyllinga «Pops» ein fest frå ende til annan.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.