Bok
Byens ord
Det er ikkje lett å stå på terskelen til nye tider, slik personane – og Oslo – gjer i det storslåtte romanverket Byens spor.
Lars Saabye Christensen har skrive fire romanar om familien Kristoffersen på Fagerborg.
Foto: Ali Zare / NTB
Lars Saabye Christensen har ført oss gjennom 50-, 60- og 70-talet i dei tre første banda av Byens spor. Både lesarane, forfattaren og romanpersonane hans trudde det var ein trilogi, men jammen måtte ikkje Jesper, Stine, Jostein og fru Vik frå Fagerborg på Oslo vest ut i endå eit nytt tiår: 80-talet. I romanen Jesper og Trude har butikkane fått lengre opningstider, det er fleire enn éin TV-kanal, og Jespers pianoelevar vil spele Jannickes «Svake mennesker».
Mellom tider
Alle vaksne menneske, også dei i «gamle dagar», har stått i ei brytingstid der dei har måtta gi frå seg kongen-på-haugen-krona til neste generasjon. I romanen ser vi Jostein, som i likskap med Jesper nærmar seg 40 år, få auge på eit par punkarar med hanekam på gata, han meiner dei «ser ut som om de har vært hos en blikkenslager, ikke frisør».
Romanen opnar med bisettinga til Maj, som har halde oppe den vesle familien med borna Jesper og Stine sidan far Ewald døydde i band 1. Ho kom frå ei etterkrigstid der kollektiv innsats og individuell nøysemd stod sterkt. Etter at Maj og hennar generasjon har takka for seg, må den tafatte Jesper, snurrige Jostein, hjelpsame Stine og skuffa Trude finne ut av tinga sjølve, og det i krysselden mellom dei nedarva verdiane og den nye tida.
Ei kosteleg scene er der slaktarsonen Jostein inviterer foreldra sine med på den nye McDonald’s-restauranten og tingar cheeseburgarar. Dei skjønar ingenting. Kvar er kelnerane, borddukane? Korleis skal ein ete denne retten utan kniv og gaffel, går det an å gjere han om til smørbrød? Det står: «Karbonadesmørbrødene ligner to branntomter. Det er gamle dager som har brent ned.»
Forfattaren i verket
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.