Bok

Briljant satire

Emi Yagi skriv lett og kløktig om tunge og dumme strukturar.

Emi Yagi bur i Tokyo og er redakør for eit kvinneblad. No har ho debutert som romanforfattar.
Publisert Sist oppdatert

Kva gjer ein når ein alltid må jobbe overtid fordi ein er tildelt oppgåvene på arbeidsplassen ingen andre vil ha, som å lage kaffi til fellesskapen, rydde, tømme søpla og gå ærend? Jo, då lèt ein som ein er gravid og ikkje toler lukta av brukte kaffikoppar, så slepp ein. Etter kvart som «svangerskapet» utviklar seg, er det stadig meir ein slepp.

Dette trikset utfører hovudpersonen Shibata i japanske Emi Yagis roman Dagbok frå eit tomrom. Shibata jobbar i ei mannsdominert bedrift som lagar noko så prosaisk som papprullar, slike som for eksempel blir til kjernen i plast- eller aluminiumsfolie. Ein dag avdelinga får vere med på ei eksotisk ferd til produksjonsstaden og sjå korleis pappvedundera blir til, konstaterer ho, ikkje overraska: «Pappstrimlane må viklast saman til røyr med ingenting inni.»

Satire som rammar

Samfunnssatiren er tydeleg, først sett frå kjøkkenbenken på jobben, då Shibata skal lære ein kollega å lage kaffi: «’Det var overraskande lett’, kommenterte han forbausa på kjøkkenet etter å ha bede meg vise korleis ein gjer det. Ja, svarte eg, det er jo pulverkaffi.»

Sidan i skildringane gjennom dei ni falske svangerskapsmånadene der Shibata stryk seg på magen, et sunnare, kler seg i vide plagg og byrjar på aerobic for gravide. Frå alle kantar møter ho heilt andre forventingar til henne som menneske enn om ho ikkje var gravid, på godt og vondt. Som einsleg, einsam kvinne finn ho òg nye fellesskap i dette bedrageriet.

Uansett kva vi bygger fasadar over – enkelte maskeradar er institusjonaliserte – brest illusjonen med eit brak i ei scene der Shibata møter att Hosono frå aerobicen, som i mellomtida har fått barnet sitt. Hosono startar med å fortelje kor rosenraudt småbarnslivet er, som venta av ho, men så snur ho midt i ei setning, og all frustrasjon renn ut. Over stress, barn, og over ein mann som ikkje tar del i noko av det harde arbeidet: «Sjølv om han ligg tjue centimeter unna meg i senga og snorkar, er han meir framand for meg enn ein politikar eg aldri har møtt, eller ein gatehund i ein grøftekant i Brasil.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement