Film
Bråkete før stormen
Quo Vadis, Aida? er ein drivande god og spennande film, men han krev stålsetjing.
Dei mest lada scenene er der me ser kor hjelpelause dei nederlandske FN-soldatane er, og kor avgjerande kommunikasjon er, skriv Brit Aksnes.
Foto: Arthaus
Den bosniske tolken Aida (Djuricic) sit i leilegheita saman med mannen sin og dei to nesten vaksne sønene sine. Dei lyt koma seg i sikkerheit, då byen står i fare for å verta bomba. Det er 11. juli 1995, og byen dei bur i, heiter Srebenica.
Massakren
Dei fyrste fem minuttane håpar eg intenst at det skal handla om at dei stikk av, og korleis dei startar livet på nytt, til dømes i Noreg.
Dei eksjugoslaviske flyktningane som kom til heimbygda mi, kunne sikkert fortalt spennande historier vel verde ein film eller to. Men så skjønar eg at her går det for seint, her kjem ingen store hopp i tid med ei naturleg oppbygging mot ein framtidsfjern happy ending.
Eg skal sitja i to timar og håpa intenst at det ikkje er Aidas mann og søner som skal bli offer for eit av dei verste folkemorda i Europa i nyare tid.
Og sjølv om håpet for vår heltinne og familien er der, er også vissa om kva som skjedde på ekte, så altomfattande fælt at det er vanskeleg å kjenna på noko anna enn fortviling og sorg. Men det er høgt tempo i Quo Vadis, Aida?, så noko trist og traudig dveledrama er det langt frå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.