Film
Born in the Pakistan
Varm, velmeint og veldig gjenkjennande for alle som har hatt ei musikalsk oppvakning i ungdommen.
Då ein klassekamerat introduserer Javed for «The Boss», ser han parallellar til arbeidar?klasselivet sitt.
Foto: Nick Wall / SF Studios
Året er 1987, byen er Luton, og guten med dei store forfattarvyene heiter Javed (Kalra). Foreldra kom frå Pakistan då han var liten, og Javed kjenner seg splitta mellom tradisjonar, familie og den britiske identiteten sin. Klassekamp, arbeidsløyse, strenge foreldre – og så blir han introdusert for Bruce Springsteen, som kanaliserer alt han kjenner på i det sekstenårige hovudet sitt.
Mangfald
Storbritannia har vore ein smeltedigel sidan sekstiåra, men det er i grunnen ikkje før dei siste ti–femten åra andre- og tredjegenerasjonsinnvandrarar byrjar å ta plass i filmar med positivt forteikn. Regissør Gurinder Chadha er kanskje mest kjend her for suksessen med fotballfilmen Bend It Like Beckham (2002), og intensjonen hennar om å visa mangfaldet som ei positiv kraft heller enn å lata dei parallelt brune straumane i samfunnet få dominera, går igjen i den nyaste filmen hennar.
Bydels-Bruce
Hanif Kureishis bok Bydels-Buddha kom ut i 1990, såleis hadde Javed i filmen ikkje eigentlege førebilete i form av andre forfattarar med innvandrarbakgrunn. Lerretet må ha verka stort å bleika, særleg når huda var langt frå bleik. Blinded by the Light burde ha god sjanse til å gå heim som kosefilm for heile familien. For min del, eg som sjølv høyrde mykje på Bruce Springsteen som liten, er filmmusikken kanskje det som gler mest.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.