JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Bokhuset i Blusuvollsbakken

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
TRE AV FIRE. I åra 1967–72 skreiv Svein Hovet, Jørgen Haugedal og Olav A. Loen fire bøker med portrett av nær 100 profilerte nynorskbrukarar for Rune Forlag.

Foto: privat eige og Nasjonalbiblioteket

2661
20230602
2661
20230602

Frå Smøla og Averøya kom 30 år gamle Erling Skjølberg til Trondheim i 1952. Der skipa han Rune Forlag, som gav ut 424 bøker og småskrifter i tida 1958–87.

Det staselege murhuset med saltak i Blusuvollsbakken 7 på Singsaker stod ferdig i 1917. Hit flytta Skjølberg inn, og i nokre tiår var bustaden i andre etasje eit bokhus. Kjøkkenet var kontor, soverommet setjeri, trappegangen boklager.

Skjølberg greidde å byggje opp eit ganske sterkt kulturmiljø rundt forlaget sitt. Eit slikt miljø var mest dynamisk om det inkluderte forfattarar med mange utgivingar, gode debutantar og andre bok- og litteraturinteresserte. Dei som arbeidde med ymse blad i nynorskmiljøet i Trondheim, var ein uunnverleg faktor. Tre forfattarar som på kvar sine måtar også gav tyngd til miljøet, var Dagmar Blix, Bjarne Slapgard og Lars Vivelid.

Erling Johan Skjølberg tok examen artium ved Orkdal off. landsgymnas i 1942 og gjekk ut frå Levanger off. lærerskole i 1947. Lærarår i Trøndelag gjorde vegen kort til forleggjeriet, som han satsa fullt og heilt på frå 1962.

Då Norsk kulturråd med innkjøpsordningar for skjønnlitteratur var på plass frå 1965, venta nye tider. Meir arbeidskraft måtte inn, og frå 1969 var Sigbjørn Berg medinnehavar i forlaget. Skjølberg fekk hjerneslag i 1981 og kunne ikkje lenger drive forlaget. Då hadde han i 3 tiår også vore redaktør for minst 50 årgangar av 13 aviser, blad, tidsskrift og årbøker.

«Eg likar best å gje ut nynorsk», sa Skjølberg og laga 257 titlar på nynorsk. Fire av fem var skjønnlitterære, og heile 33 forfattarar debuterte på nynorsk på Rune. Nokre av dei blei profilerte forfattarar, som Oddmund Hagen (1977) og Torvald Sund (1979).

Arvid Hanssen hadde alt skrive mange bøker, mellom anna nokre barnebøker på nynorsk hos Norsk Barneblad. Difor sende han også manuskriptet til diktsamlinga Skuggar og stjerner dit. Ei bok med så mykje alvor og fattigdom som det Hanssen skildra, ville ikkje Johannes Farestveit gi ut.

Første tanken for diktaren var då å brenne manuskriptet, men han såg nærmare på det, endra litt og sende det til Rune Forlag. Skjølberg las, hadde sine merknader, lurte på om Hanssen burde skrive roman, og gav ut diktsamlinga i 1977. Boka var så skjemd av feil at Hanssen sjeldan las noko derifrå på arrangement. Romanen kom, han, i 1981: Søsken på Guds jord.

Sal var like viktig som manuskript. Dermed blei det mange rundturar med bilen fylt av forfattarar og bøker frå bokhuset. Eit søskenbarn samla historia om Rune Forlag i éi setning: «Det var ikkje til å undre seg over at alle bilane hans hadde dårleg fjæring bak!»

Ottar Grepstad

Neste gong: Forleggjaren som knapt sa nei

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis