Bok
Bøkene de må lesa
Jakta etter det unikt menneskelege er eit feilspor, og Richard Dawkins og Steven Pinker har mistydd fullstendig.
Frans de Waal, her fotografert i 1991, det året han vart professor ved Emory University i Atlanta i USA.Frans de Waal, her fotografert i 1991, det året han vart professor ved Emory University i Atlanta i USA.
Foto: Erik S. Lassar / AP Photo / NTB scanpixFoto: Erik S. Lassar / AP Photo / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Sakprosa
Frans de Waal er nestoren i internasjonal primatologi og truleg ein av dei fyrste som såg at Donald Trump kom til å vinne det republikanske primærvalet suverent og deretter truleg verta president. Nederlendaren de Waal høyrer helst ikkje på kva menneske seier; han ser på mykje av talen vår som lygn. Han ser på korleis vi oppfører oss. I dei fyrste fjernsynsdebattane såg han ein suveren alfahann som totalt dominerte dei andre hannane. Trump var ikkje underdanig på ein flekk. Dei andre, derimot… Trump var i sitt rette element, fryda seg og viste at han var sjefen. Ikkje eitt sekund av tvil. Inga nøling.
Frustrert alfahann
Mot Hillary Clinton, derimot, såg de Waal ein frustrert alfahann. Donald Trump kunne ikkje gå etter strupen hennar, han kunne ikkje håna henne for manglande manndom. Han gjekk uroleg omkring, ein alfahann kan ikkje gå etter ei hoe. Han er der for å verna hoene. Svaret vart å håna henne gjennom Bill Clinton. Det var han Trump gjekk til åtak på, mellom anna gjennom å syna fram elskarinnene hans i salen. Ikkje av di det var feil av Bill å ha mange damer, men av di andre damer kunne mislika Hillary. Som Hillary vedgjekk om opplevingane: «Det er det mest motbydeleg eg har vore utsett for.»
Når de Waal fortel om dette, skundar han seg å skriva at Trump på ingen måtar er arketypen av ein alfahann. Ja, dei kan likna Trump, men som regel er alfahannen den beste politikaren, den som skapar alliansar og held seg inne med dei gamle hoene. Ein alfahann som skal vara, må syna både omsut og omtanke. Men Trump hadde den typiske framferda til dei mest aggressive alfahannane under open konkurranse. Trump-poenget til de Waal er at omgjevnadane straks forstår kven som er alfa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.