Bok
Bokas magi
Jørn H. Sværens verk er sobert og imponerande rikt på tyding.
Jørn H. Sværen underviser på forfattarskular i Norden, gjendiktar utanlandsk poesi og skriv eksperimentell poesi og litteratur.
Foto: Vidar M.S. Husby
Boka Britisk museum består av ei rekkje tidlegare utgitte mikrobøker som har kome på Jørn H. Sværens eige forlag, England forlag. Britisk museum presenterer tilsynelatande ei ueinsarta vifte av tekstar, her er både dikt, fotografi, brev og meir essayistiske tekstar. Boka er ikkje utstyrt med ei sjangernemning, kanskje fordi ho overskrid alle sjangrar, der berre permane i gul kartong markerer yttersidene og grensene for tekst- og biletuniverset. Det er nett som papirboka sjølv vert betrakta som ein eigen sjanger.
Essayistisk
Dei essayistiske tekstane handlar mellom anna om heraldikk, om metallbrett som beskyttar ikonmåleria og om svarte sørgjesider i bøker. Her finst også eit brev som set søkjelyset på brevskrivinga og peikar på at boka kan betraktast som eit brev til lesaren. Brevet zoomar brått inn på avstanden mellom brevteksten og signaturen, eit kvitt felt på arket som ikkje er utan tyding: «En hertug som skriver til en husmann, signerer umiddelbart under siste setning. En husmann som skriver til en hertug, signerer så langt nede på arket som mulig, som en krypende hund».
Mellom desse essayliknande tekstane er diktliner vovne inn, korte dikt, berre éi line, men med ei ekspanderande biletkraft: «et håndtak i form av en springende hjort». Ofte står dikta også i eit høve til essaytekstane, for det finst fleire sambandsliner, slik det også gjer mellom fotografia, dikta og essaytekstane.
Fleire plan
At Britisk museum er eit mixtum compositum av eit tekstunivers, vert forsvart av siste ledd i tittelen, museum. Ordet kjem frå gresk, museion, og tyder «tempel for musene» eller «ein stad for dei som dyrkar vitskapane». For Sværen er denne staden den fysiske boka. Papirboka vert nærmast til ein fetisj, eit magisk objekt, trass i den nokså sobre stilen både i dikta og essaytekstane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.