Bok

Viljen til tvil

Nikolaj Frobenius ville ikkje lage ein svartkvit film. Han ville skrive ein gråsoneroman.

Nikolaj Frobenius’ filmmanus vart til ein roman.
Nikolaj Frobenius’ filmmanus vart til ein roman.
Publisert

Den 17. mai 2017 sette Joshua French føtene på norsk jord att. I 2009 blei han og Tjostolv Moland arresterte og sikta for drap og spionasje i Kongo medan dei var på eit oppdrag som er uklart for dei fleste. Sidan var dei fengsla, dei var sjuke, dei blei dømde til døden – og i 2013 døydde Moland på cella. Fire år etter denne hendinga hadde det lukkast «alle gode krefter» å få French heim igjen til Noreg. Forfattar Nikolaj Frobenius skildrar ein stolt statsminister og korleis «Bildet av Joshua som drapsdømt leiesoldat skulle forvandles til forestillingen om en hjelpetrengende nordmann i et korrupt afrikansk land».

Send meir dikting

Kjensla av at noko var ubalansert, at avgjerande spørsmål var sette til sides, danna bakgrunnen for at Frobenius trekte seg som manusforfattar for filmen Mordene i Kongo, som har noregspremiere i desse dagar. Diskusjonen mellom Frobenius og Friland film har ikkje vore usynleg i media i opptakta til premieren.

Frobenius leverer med Kongonotatene ein måte å behandle stoffet på i romanform. Han skildrar konflikten med ein filmprodusent som ber hovudpersonen om å sende litt god dikting heim etter samtalane han har med French og Moland i Kongo. Produsenten treng ei tydeleg forteljing, mens forfattaren under opphaldet i Kongo finn at tvilen er mest produktiv. Dessutan mest sann. Det er umogleg å danne seg ei klar oppfatning av kva som skjedde i 2009, med så mange ulike forklaringar i spel, tenkjer han.

Frobenius peiker òg mot ei anna berømt historie frå Kongo: Mørkets hjerte (1902) av Joseph Conrad, som blei førelegget til filmen Apokalypse nå!. Han skriv: «Da Kurz lå på dødsleiet og Marlow hørte ham hviske de udødelige ordene ’The horror, the horror’, tenkte jeg at grunnen til at nettopp den replikken var blitt en av de mest berømte i litteraturhistorien, var at det pokker ikke var lett å si hva fyren egentlig mente.»

Temperatur

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement