Bok
Vest er best
Om du vil ha konservativ ammunisjon i kulturkampen, er dette boka for deg.
Dette, lyt eg understreka, var ei bok eg ikkje trudde eg kom til å lesa. Ein kristen sivilingeniør tilrådde Rodney Stark på det sterkaste, men frå oppveksten min visste eg kor keisame bøker gjevne ut av kristne og konservative forlag kunne vera. Men sidan kameraten insisterte, vart det til at eg gav Stark ein sjanse. Eg angrar ikkje. Sjeldan har eg vore borti noko meir leseverdig. Om du har ein intelligent tenåring i huset og ynskjer at han eller ho skal verta konservativ, er dette boka du skal kjøpa til avkomet.
Boka er ein del av den såkalla kulturkampen. Alle bachelorgrader i USA inneheldt før eit kurs i vestleg sivilisasjon. Gjennom dei siste 40 åra har så godt som alle college i USA lagt ned dette kurset, sidan det visstnok er støytande for dei som ikkje har vesteuropeisk bakgrunn. Boka er skriven som kompensasjon for manglande kursing. Ho har ein klår og utvitydig bodskap: Så godt som all økonomisk framgang og sivilisasjon spring ut av jødedomen og kristning. Gud skapte ei rasjonell verd, og mennesket har plikt til å avdekkja korleis verda er bygd opp. Gjennom å gjera det ser vi Guds perfeksjon og logikk. Dette er jødar og kristne åleine om i verda. Alt no forstår de kva Stark meiner om islam.
Romarriket var dårleg
Romarrikets fall har stort sett unisont vore sett på som ein tragedie. Stark er djupt usamd. Ja, romarane kjende til ein god del teknologi, som vasshjulet og vindmylner. Men mange av desse teknologiane tok dei ikkje i bruk, i staden heldt dei seg med slavar. Slaveri, seier Stark, er bedriftsøkonomisk lønsamt, men dårleg samfunnsøkonomi. Når ein har stor tilgang til slavar, gjev ein blaffen i effektivitet. Ein sløser med ressursane.
Då Romarriket gjekk i oppløysing, og skattane kom ned, gjekk Vest-Europa gjennom ein teknologirevolusjon. Romarriket hindra i tillegg konkurranse, og når det vart borte, byrja område og statar med ein gong å konkurrera mot kvarandre. Overalt oppstod innovasjonar, innanfor våpen, industri, finans – lista er lang. Matproduksjonen gjekk rett opp, velteplogen vart oppfunnen, langs alle større elvar dukka det opp vasshjul, og på slettene steig den ein vindmylna etter den andre opp. Folk vart større, sterkare og friskare, og samstundes som det dukka opp universitet ved dei store knutepunkta, vart klostervesenet spesialisert og fungerte etter kvart som multinasjonale konsern.
Protestantismemytar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.