Bok
Verdiskapar, rabulist og kunstelskar
Arild Haaland bar oppe det fremste kjenneteiknet på det å vera intellektuell: å tenkja motstraums og allmenngyldig. Men han var også full av inkonsistensar.
Filosofen Arild Haaland utanfor huset Brødregården.
Foto: Sverre A. Børretzen / Aktuell / NTB scanpix
Fyrste gong eg støytte på Arild Haaland (1919–2012), var då kampen mot EEC heldt på å varma seg opp. Det må ha vore i byrjinga av sekstitalet. Eg såg ein plakat med eit bilete av eit bustete andlet over teksten «Nei til salg av Norge!».
Seinare plukka eg opp Haalands monumentale doktoravhandling frå 1955, Nazismen i Tyskland, på Chr. Michelsens Institutt. Eg skjøna då at han var eit sterk og originalt åndsmenneske. Verket var eit nybrotsarbeid, berre ni år etter at Hitler skaut seg i bunkeren. Med tanke på dei seinare kilometrane med litteratur om dette nullpunktet i europeisk historie, vil det vera interessant å setja dette tidlege arbeidet inn i ein breiare idéhistorisk samanheng. Det skal eg gjera ein gong, men ikkje her.
Boka Øyvind Aase har skrive, er svak nett på dette punktet. Nazismeavhandlinga er knapt nemnd, og Haalands Nietzsche-studium til magistergraden og i verket Vestens tenkere er unemnt.
Men Aase er god på alle dei andre sidene ved Haaland: moralfilosofen, litteraturkjennaren, pressekritikaren, kyrkjeskeptikaren og den nevenyttige husrestauratøren.
Forvitneleg breidd
Filosof på rødt lys gjev oss ein blomekrans av illustrasjonar og byr på eit ljosberande innblikk i livsverket til Haaland. Høgst leseverdig. Lesaren står att med eit portrett av eit uvanleg menneske som sameinte tanke, liv og handlig som få andre i Noreg. Du får djup sans for denne energibunten av ein filosofisk einegåar med ei sjeldsynt breidd i interesser og talent. For ei glede å møta ein akademikar utanfor den store grå flokken av universitetsslitarar! At han var flåsete av og til, må me tilgje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.