JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ventetid for dei rastlause

Annemarie Schwarzenbach skildrar det urbane 1920-talet med aktualitet for vår eiga tid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Annemarie Schwarzenbach (1908–1942) var del av ein ung, fritenkjande generasjon kunstnarar i Europa i mellomkrigstida.

Foto: Margarte Felerer, 1937

3587
20240419
3587
20240419

Roman

Annemarie Schwarzenbach:

Vener av Bernhard

Omsett av Runa Kvalsund
Skald Forlag

Livet vårt er eit einaste stort spørsmål, står det på baksida av romanen Vener av Bernhard av den sveitsiske forfattaren Annemarie Schwarzenbach (1908–1942), og framhaldet i boka er: «og vi lever av det som rører seg i sjela vår åleine». Det er ei god skildring av ungdom i det moderne, urbane livet, for dei som har tid og høve til å gruvla over eksistensen og, ikkje minst, rusa seg på den søte, private ulukka.

Handlinga i boka er lagd til 1920-talet, men mykje av tankegodset er aktuelt framleis, det er mest omstende og eignelutar som har endra seg.

Den sentrale personen i boka er kan hende 17 år gamle Bernhard, ein lovande musikkstudent og eit forfina menneske som, til liks med fleire andre i boka, har ein litt uklår kjønnsidentitet. Kring han finn me personar som tek like mykje plass i teksten, Gert, som er tvilande til sitt eige talent som biletkunstnar, Ines, som ikkje ser ut til å vera forankra i mykje anna enn hunden Flock, og venekrinsen, bilethoggaren Christina og bror hennar, Leon, som også er kunstnar.

I dette miljøet er venleik det ein lengtar mest etter. Fysisk venleik hjå folk, venleik i kunsten, i livet, kulturen og naturen.

«Alt som vert sagt, verkar absolutt autentisk.»

Relasjonar

Dei fleste er forelska i Bernhard, men det er då ein kjærleik som ikkje først og fremst er av seksuell natur. Andre relasjonar har nok ein annan undertone, som Gert sitt svermeri for Leon, men det er skildra med varsemd og finkjensle, og samstundes heilt utan kommentar, med eitt unnatak, noko ei kvinne seier på ein jernbanestasjon, nemleg at ho tykkjer det er ekkelt å sjå unge menn som kyssar kvarandre. Utsegna står heilt åleine, eit lite drypp utanfrå på og mot ein tekst som skildrar emosjonar utan sjølv å vera emosjonell, av eit eg som presenterer stoffet sitt i sikker referatstil, slik at alt som vert sagt, verkar absolutt autentisk.

Samstundes er referenten mystisk allvitande, utan at det skiplar truverdet på noko vis. Resultatet er ein forunderleg roman der ein får ei kjensle av at det som eventuelt står på spel, ikkje har manifestert seg heilt enno, det ligg i kim, slik dei unge personane på sett og vis også gjer, dei lever i ei ventetid.

Rastløyse

Sjølv om handlinga i denne boka er heilt annleis enn den ein finn i ein roman som Den store Gatsby, er det eitkvart med tonen som liknar. Det er ikkje berre tida som er den same, men rastløysa, og det at dei unge prøver å definera vaksenlivet som noko ulikt det dei førre generasjonane gjorde. Her har privatbilen dukka opp i verda, dei unge har ein annan fridom enn før, og sjølv om Schwarzenbach er atterhalden når det gjeld seksuell praksis, vert kjærleik erklært både cis og trans.

Teksten minner meg om noko som vart sagt om fotballspelet av Oscar Wilde (ikkje Oscar Bobb, altså), at det var for robuste jenter, ikkje sarte gutar, og i denne romanen er kvinnene tryggare og sterkare enn dei kjenslevare og nervesvake mennene.

Dette er særleg tydeleg med Gert, som syner eit stort talent for liding, midt i det som skulle ha vore lukka, når han lever i lag med Leon. Det vert aldri nok for Gert, av di han veit at han ikkje er god nok for Leon, han er potensielt berre ein av mange.

Det er ei smertefull erkjenning, meisterleg skildra av den då 23 år gamle Annemarie Schwarzenbach, og framifrå omsett av Runa Kvalsund.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis