Bok
Vekebladaktige stemmer
Når eit bilde er belasta, kan språket skli ut.
Helene Uri har skrive ein roman om ei kvinne med sterk vilje, men svakt hjarte.
Foto: Julie Pike
Det kan vere ein god idé å la ein roman bli fortald av fleire personar som ser ei og same sak frå kvar si side. I Helene Uris Katalog over mine menn er det ei hjartesak det dreier seg om, bokstaveleg talt. Margrete har eit svakt hjarte og ventar på transplantasjon. Ein ung mann må døy i ei trafikkulukke for at ho skal få ein ny sjanse. Historia blir fortald av seks menn: Den unge guten, far hans, ein kardiolog ved Rikshospitalet, son til Margrete, ein elskar og ein handverkar. Alle får kvar si målform, kvar sin ortografi og talemåte – som språkvitar turnerer Uri dette med overtyding.
Klisjear og dårleg språk
Verre er det stilt med dei litterære kvalitetane i romanen. Uri er ein rutinert forfattar, men ho har gjort det vanskeleg for seg ved å la eit forslite hjarte vere hovudpersonen. For også som bilde er hjartet forslite. I staden for å prøve å dempe effekten av dette, bygger Uri bildet heller ut, og nyttar kvart høve til å plassere ord som «bløthjertet» eller «godhjertet» i teksten. Det kan stå: «Følg hjertet ditt, sa hun.» Donoren har ein sambuar som teiknar hjarte med rekeost på brødskivene. Berre eitt av desse kjennest for mykje, her florerer det. Det er ein overforbruk av leiemotivet, for å seie det forsiktig.
Ideen om å la seks menn fortelje historia om Margrete er heller ikkje godt løyst. I staden for å bygge kvarandre ut, trekke kvarandre vidare som i eit maskineri, gjentar dei ulike kapitla kvarandre på ein keisam måte, og teksten som heilskap slurar. Personane er heller ikkje særleg interessante. Margrete sjølv er framstilt som ei sterk og uavhengig kvinne som går sine eigne vegar, vel og bra, men trass i at ho òg er både urimeleg og oppfarande, er ho vanskeleg å interessere seg for. Elskaren Gunnar er ein sentimental mann som snakkar i flosklar.
Men det er det fleire av personane som gjer, og det er forfattaren som må ta ansvar for at både klisjear og dårleg språk får ein så framtredande plass i romanen: «Men i dirringen ved øyet mitt og i det ekstra trykket hun gav ha°nden min, la° alt vi ikke sa.» «Hun krystet hjertet mitt, og det har enna° ikke blitt seg selv igjen.» «Forbindelsen mellom synet av et hjerte og forestillingen om Margrete er blitt til en bred autostrada i hjernen.» «Klokken kunne ikke ha vært mer enn fire, men vintersolen hadde ga°tt og lagt seg.» «(…) og solen lyste pa° sykehusbygningene sa° de sa° ut som om de var dyppet i appelsinjuice.»
Vekebladnivået
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.