Bok
Vanskeleg heimkomst
Dikta til Øyvind Rangøy verkar mogne og kombinerer ein sterk rytmisk impuls med ei fascinerande biletskapande evne.
Øyvind Rangøy er omsetjar, translatør og universitetslektor. No har han gjeve ut si første diktsamling på norsk.Øyvind Rangøy er omsetjar, translatør og universitetslektor. No har han gjeve ut si første diktsamling på norsk.
Foto: Asko KünnapFoto: Asko Künnap
Dikt
Å kome attende til ein stad, ei bygd, ein kultur, eit kystmiljø og konstatere at mykje har forsvunne, og fundere over kva ein sit att med, er det tematiske omdreiingspunkt i diktboka Dødsbu. Det er tale om eit konkret dødsbu etter ein person, men også at samfunnet som eget etter mange år returnerer til, har gått tapt eller endra seg.
Dødsbu driv eit mangfelt minnearbeid knytt til staden, miljøet, familien og personane – og eget sjølv som ein «innfødd i eit land av sjarkar/ og mjølkemaskiner». Men i minninga og lengten attende kan det nostalgiske lett få overtaket: «Kan det ikkje/ berre/ få vere slik det aldri har vore?»
Poetisk statusrapport
Dikta flettar saman landskap, arbeid og kollektiv kultur med det personlege livets forgreiningar og står fram som lyriske refleksjonar over tidas nådelause gang. I denne poetiske statusrapporten silar dikta ut restane, med håp om å attskape seg sjølv og framtida: «Ingen/ kan snu havet på hovudet./ Alle kan/ hente vatn, bere ein del av det vekk./ Det vil vende heim.»
Nett denne rørsla, heimvendinga, er integrert som eit formelt moment i dikta, ho kjem i form av gjentakingane som er så klokt disponerte og fint arrangerte i dikta. Desse repetisjonane, som også er eit uttrykk for å halde noko fast, hentar dikta inn att, heim. På denne bakgrunnen veks også diktas tydelege elegiske karakter fram. Kanskje er det kombinasjonen av det kontante, rytmiske trykket og det biletskapande rommet som gjer at desse dikta fenger. I tillegg til at dikta er så nøye med å plassere mennesket i landskapet og i samfunnet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.