Bok

Utflytande tøv

Nei, Muhammed var ikkje glad i jødar. Og nei, det er ikkje fullstendig ukjent at Midtausten var kristen før Muhammed heller.

Uigurar ventar på kundar ved innsjøen Karakul i Kina. FN og sentralasiatiske land har satsa på handel og turisme langs den gamle silke­vegen.
Uigurar ventar på kundar ved innsjøen Karakul i Kina. FN og sentralasiatiske land har satsa på handel og turisme langs den gamle silke­vegen.
Publisert

Fyrst ei lita orsaking: I denne spalta har eg som mål å skriva om gode bøker, for her skriv eg om bøker som eg sjølv har valt ut eller fått tilrådd. Grunnen til at eg kjøpte The Silk Roads, var eit portrettintervju med Peter Frankopan i The Financial Times. Frankopan eig ei mengd hotell, er ein adelsmann frå Balkan, spelar cricket betre enn dei fleste og er gift med ei kvinne som er nesten like pen som han sjølv. Ja, og så er han professor ved Oxford, der han er direktør ved eit senter for bysantinsk forsking. Kort sagt ein helt frå gutebøkene eg las då eg var liten.

Så eg kjøpte The Silk Roads, som er full av feil, utflytande og kjem med påstandar som kan tyda på at fyren knapt har lese føregjengarar. Det er diverre ein stadig sterkare tendens mellom yngre historikarar til ikkje å vilja avgrensa tema eller kome med klare teoriar og hypotesar. Slikt noko er visst etnosentrisme. Frankopan seier at han vil flytta merksemda vekk frå både grekarar, romarar, franskmenn og ikkje minst britar. Han vil gjera noko nytt, seier han, han vil plassera verdas sentrum i gamle Iran, for det har ikkje vore gjort før – då sett vekk frå ei mengd klassiske historikarar og dei gamle grekarane, som skreiv pergamentrull etter pergamentrull om dei gamle persarane.

Glir ut

For verkeleg å syna kor alvorleg han tek eigne meiningar, kallar han altså boka «Silkevegane», altså den gamle handelsruta over Sentral-Asia mellom aust og vest. Men det heile glir straks ut. For varebytet strekte seg frå Kina til India, til Italia, til Spania, til Norden… Ja, til heile den gamle verda nord om Sahara og aust om Atlanterhavet. Så då skriv han om alle desse områda, gjennom nesten 2000 år. Det er umogleg å spå side for side kvar han hamnar. Brått har Lawrence of Arabia heilt utan hjelp frå arabarar erobra ein ny by (skulle ikkje boka vera eit oppgjer med etnosentrisme?), før vi straks etter får høyra at vikingar skapte og bygde opp Russland og visstnok Ukraina.

Ja, så langt går han at han hevdar at krossfararane erobra Aleppo, noko dei aldri var i nærleiken av. Men kanskje for å kompensera meiner han å vita at Muhammed var med på erobringa av Jerusalem, visstnok av di kjeldene seier at ein «karismatisk predikant» var med. Ville ikkje då dei talrike muslimske kjeldene ha skrive rett ut at Muhammed faktisk var i Jerusalem? Kvifor var elles Muhammed ein så stor suksess? Jau, av di han laga ein religion som de facto var særs lik både kristendom og jødedom. Difor konverterte så mange friviljug. Særleg var jødane visstnok glade i Muhammed. Og ja, kjeldene seier at Muhammed allierte seg med jødane, men ikkje éin stad fortel han at kjeldene òg seier at Muhammed endra meining då han vart mektig, og plyndra og massakrerte jødane.

Han skriv heilt rett at kristendomen spreidde seg etter silkevegen og handelsrutene. Men så hevdar han at det han fortel, er nytt, og at «historikarane totalt har ignorert» at Austen for ein stor del var kristen før islam. Dette er berre ikkje sant. Alle opplyste menneske som har lese vidt, veit då at det var kristne overalt i Austen, særleg i Midtausten før islam. Då krossfararane snakka om å atterobra det heilage landet, gjorde dei det av ein grunn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement