JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ut på tur med ein som aldri snur

Boka om Lars Monsen er ei noko hagiografisk, men drivande god forteljing om ein urmann.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 2010 opna kronprins Haakon Finnmarksløpet og tok ein runde med Lars Monsen.

Foto: NTB scanpix

5822
20191018
5822
20191018

Sakprosa

Lars Monsen og Kjetil Østli:

Lars Monsen. Mitt liv. Fortalt til Kjetil Østli

Cappelen Damm

Alt er meir ekstremt når det gjeld Monsen. Det gjeld, vel, ikkje heilt frå fødselen av, men gamal var han ikkje før han vart påverka av dei ekstreme foreldra sine. Faren utfordra fysiske grenser, rett nok med stor dugleik, han vart noregsmeister i stup i 1955 og var på landslaget i turn. Og han gav sønene tilsvarande utfordringar. Noko som gjekk ut over den mildare storebroren Erik, som til slutt døydde av ein overdose, men styrkte ein annan bror som vart den modige Siemens-varslaren. Mora, halvt flyttsame og halvt eigedomsspekulant, tvinga familien til stadig å flytta kring i Oslo. Ingen bustad vart heimstad.

Heimstaden vart Nordmarka. Der kan ein slå leir overalt, og likevel heile tida vera på same plassen, i naturen. Ni år gamal får Lars overnatta der aleine første gongen. Og 13 år rømer han ut i skogen på veslejulaftan og kjem ikkje attende før over nyåret. Vi skjønar at guten er ei blanding av Pan, Dionysos og Herakles. Inne i byen trivst han ikkje, sjølv om han er intelligent og spelar sjakk og fotball. Og han utdannar seg til lærar. Men lik Herakles skal han verta ein stor jeger og gjera storverk. Og lik Dionysos må han ut på ekstatisk bakkantiske rusturar frå den eine T-banestasjonen til den neste, og når han vert større, frå bar til bar. Rett nok ikkje som vinens gud. Det går berre i øl. Og som Dionysos har han eit fælt sinne og slår ned folk. Dionysos er dessutan i slekt med Loke, eldguden. På alle turane er det å byggja bål det første. Lars har eit eige verb for det: å båle. Og står det om livet, får han hjelp av fire overnaturlege vesen, avlidne familiemedlemmer og englar, stadfesta av ei finnskogdame. Lars er forresten sjølv sjaman: Han har varme, heilande hender.

Første ekstremtur

26 år gamal dreg Lars ut på den første ekstremturen: Noreg på langs frå nord til sør. Det er på denne turen han skjønar at dette må verta livet hans: fri og frank ute i naturen, ikkje inne i 9–4-sivilisasjonen. Frå no av gjeld ikkje fjellvettregel nr. 8 om å snu i tide. Medan han elles gjer det til ein kunst å følgja dei andre åtte, men på eit høgare nivå enn turistforeininga krev. Turane vert meir og meir ekstreme: til fots over Alaska i ti månader og Canada på tvers i to år og sju månader (8252 km), der det særleg er gildt å vada over breie elvar med isvatn og bjørnar på breiddene, eller nesten frysa i hel i 60 subjektive kuldegradar. Mest ekstremt tykkjest meg å vera turen over Kodiak-øya, der det er like mange bjørnar som mygg på Finnmarksvidda.

Men som andre eventyrarar, Roald Amundsen, til dømes, har Monsen eit pengeproblem. Så han skjønar snart at han må verta kjendis. Han skriv bøker om turane sine (13 så langt), og han sel seg sjølv til NRK, som lagar den eine serien etter den andre om turane. Og no førebur han pensjonen med å lansera eit kledemerke for andre turgåarar. (Skal du køyre hundekjelke og delta i Iditarod-laupet, treng du gode vottar til 1999,-.) Då får det ikkje hjelpa at eg på Facebook-sida mi får opp ein annonse om å reisa med danskebåten for å høyre Monsen snakka om villsmarkliv på dette flytande Harry-hotellet.

I boka får vi òg høyra litt om kjærleikslivet til Lars. Sidan 2008 har han vore saman med den flotte dama Trine Rein, dei vart gifte i 2015. Han sjarmerer kvinner med å be dei ut på overnattingstur i marka. Omtrent slik Crocodile Dundee sjarmerer den kvinnelege journalisten med å la henne møta krokodillar. Trine Rein sjølv fortel at ho skjøna dei var blitt eit par då Lars på ein bar bad henne bera to drammeglas, for så å stilla seg bak henne og legge båe hendene på brysta hennar. Ho må elles vera eit uendeleg tolmodig menneske: Når han er innandørs, oppfører han seg som om han framleis er i marka: slengjer tinga sine rett ned på golvet og søler kaffi overalt.

I eitt med naturen

Ikkje rart, ettersom Lars har eit stendig sterkare ønske om å verta like mykje eitt med naturen som eit dyr, særleg ulvar og bjørnar. På tur et han som eit grådig dyr: Han et uhorvelege mengder for å feita seg opp. Ein kan berre tenkja seg kor forskrekka Senter for tverrfagleg kjønnsforsking vil vera over eit slikt mannsideal. Men det er ein scene i boka som illustrerer saknet av eit slikt ideal hos unge gutar som veks opp i barnehagar og skulestover berre omgjevne av kvinner: På vitjing på den gamle skulen hans på Løren kjem gutar stormande til han, frå seg av ovundring: Vi vil vera akkurat som deg! Rett nok er Lars ikkje politisk interessert, han har jo forlate polis til fordel for naturen, men nokre meiningar har han: Det er gale å la barn glo på skjermar. Og jau, det er trist at vi skyt rovdyr i Noreg.

Dette er den store forteljinga i boka. Men korleis vert ho fortald? Ho er fortald til den prislønte journalisten Kjetil S. Østli, og båe er førte opp som forfattarar. I nokre kapittel fører Østli ordet, i dei fleste, dei om ekstremturane, er det Lars sjølv som tilsynelatande skriv. Men det er noko uklårt om det er Østli som legg orda i munnen på han, eller parafraserer frå bøkene til Lars. Uansett er det fullt driv i teksten: Pegasus har vorte kopla saman med eit Monsen-hundespann og dreg oss med stor fart gjennom dette livet som no har passert 56 år. Lars har alt byrja tenkja på korleis han skal døy: verta eten av ein bjørn, eller gå ut i villmarka som ein inuitt, eller som eit skada dyr?

Eg seier: Ikkje gjer det! Og, slik turfolk seier til kvarandre når dei møtest og skilst: God tur vidare!

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er noko uklårt om det er Østli som legg orda i munnen på han, eller parafraserer frå bøkene til Lars.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis