Ut mot havet
I Eivind Buenes roman får vi mykje å tenke på, og mykje godt språk å gle oss over.
Eivind Buene har studert komposisjon ved Noregs musikkhøgskule og arbeider som frilanskomponist.
Foto: Julia Nagelstad
Roman
Eivind Buene:
Konfirmasjon
Cappelen Damm
Endre sit på hytta i skjergarden og utset stadig heimreisa. Han slit med konfirmasjonstalen til dottera Emma. Han gruer seg til konfirmasjonen i det heile, det er så mykje han ikkje vil minne seg sjølv og andre på ved å møte opp og vere personifiseringa av eit havarert forhold.
Situasjonen mellom han og eksen Anna er uforløyst, han har kjempa for å få ha dottera hos seg oftare enn Anna bestemte, utan særleg hell, og kjenner no at det er gått så mykje tid han ikkje får tilbake. Lar det seg gjere å få eit forhold til Emma på nytt?
Samtalebasert
Som det står: «Her ute kjenner han alle skjærene, han kan manøvrere i blinde gjennom labyrinten av øyer og vann. Hjemme er det annerledes. Han har ikke engang klart å manøvrere gjennom en helt vanlig skilsmisse.» Historia vekslar mellom notida på hytta og tilbakeblikk til livet med Emma og Anna. Innimellom høyrer vi Endre snakke i telefonen med broren eller venene, men stort sett ligg mobilen i skuffen. Han legg dagleg ut på båtturar, køyrer lenger og lenger ut mot havet, noko som er freistande å lese som eit bilde på at han sjølv er meir og meir ute.
Romanen til Eivind Buene er i stor grad bygd opp av refleksjonar og samtalar. Personane er velartikulerte og ikkje redde for å setje ord på ting, det gjer at det ikkje er mykje undertekst her, drøftinga av temaa ligg på overflata. Men det er ei gjennomført form, og i seg sjølv djuptpløyande, så romanen manglar på ingen måte substans.
Det er interessant å følge samtalane om mannsrolla, farsrolla, kva likestilling betyr i praksis, og korleis var alt dette for deira eigne foreldre? Kameratane Tor-Erik, Peter og Endre er menn med kvar sine familiestrukturar, og som gjerne snakkar om kjensler. Det er ei kraft i dette, og etter kvart i romanen skal dei to kameratane få ei rolle som er direkte rørande.
Buene skriv presist og observant, syrleg og inderleg. Til tider òg høgst komprimert, noko som skaper ein fryd hos denne lesaren. Her om damer frå Oslo vest: «Jeg kan se dem for meg, i trenchcoats som aldri har sett en skyttergrav, Klassekampen stikkende opp fra titusenkroners designervesker og væpnet til de perfekt blekede tennene med kritisk teori og interseksjonell feminisme.»
Langt er passe
Eg skal ikkje røpe korleis det går med konfirmasjonen eller talen. Eg kan heller røpe at det kan vere litt gjennomskodelege namn på hovudpersonen Endre, Anna og hans nye kjærast, Live. Endre Livet, og så det Andre. Samstundes ber desse namna eit sentralt spørsmål i romanen: Er det mogleg å ta tak i livet sitt og gjere forandringar, sånn heilt på ordentleg? Kva skal til for det?
Romanen ber preg av vilje og evne til å diskutere dei små og store tinga som utgjer liva våre, utan at det nokon stad flyt ut. Dei endelause samtalane kjennest akkurat passe i lengd, i ei godt komponert forteljing som etterlèt mykje å tenke over.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Buene skriv
presist og
observant, syrleg og inderleg.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.