Bok
Uromonument
Novellesamlinga er ujamn, men på sitt beste er ho fortreffeleg.
Jan Grue har skrive fem novellesamlingar så langt.
Foto: Anne Valeur
Jan Grue var nominert til Nordisk råds litteraturpris 2019 for «Jeg lever et liv som ligner deres», utgitt i 2018 og som han òg fekk Kritikarprisen for. Grue kunne godt ha blitt nominert til ein pris for teksten «Det fjerde trimesteret» i novellesamlinga Uromomenter òg. Her går Sigrid omkring på overtid etter fødselstermin, ho er tung og lei, men ho skal halde ut. Alle idiotane som er i omløp, gjer det berre ikkje så enkelt for henne. Ho har ein mann som er full av forståing og ansvarskjensle, utan at han mistar integriteten sin eller trongen til å seie ifrå sjølv, og det er denne uuthaldeleg imponerande balansen som er irriterande, sjølvsagt. Når ho blir møtt av ein nyutdanna sjukepleiar som aldri sjølv har vore gravid, men som seier «forskning viser at», held det på å rable for Sigrid, som frå naturens side ser ut til å svare på dumskap eller tankeløyse med syrlege replikkar avleverte med presisjon.
Men presisjonen er sjølvsagt forfattar Jan Grue sin, uansett kven som har synsvinkelen: «Når sykepleieren smilte, som hun gjorde på slutten av hver eneste setning, mekanisk og forutsigbart, var det like uhyggelig som hvis Lånekassen hadde kvittert med smilefjes i tekstmeldingene sine.»
Ulike formgrep
Av dei seks novellene i samlinga er eg også begeistra for «Hullet under byen» og «Nina i New York». I den sistnemnde bygger Grue opp eit møte mellom Nina og Frederik på så finstemt vis at det er sjølve oppbygginga som treffer denne lesaren. I den førstnemnde skriv Grue om eit hol under byen, og enkelte menneske på bakkeplan, men vegen til forståing er ikkje strak: Vi blir kvervla rundt i eit tilsynelatande retningslaust og svært underhaldande, lett surrealistisk språk. På grunn av strukturen lar denne teksten seg lese fleire gongar, der stadig nye tolkingar kjem til syne.
Novella «Gjenferdet av Jens Stoltenberg», der eit par får eit hologram av Stoltenberg inn i stova og ikkje blir kvitt det, synest eg blir for rar, eller kanskje ikkje rar nok. Eg veit ikkje kvar Grue vil med dette bildet, anna enn å plante det der og sjå kva det gjer med personane i teksten. Eg klarer heller ikkje feste meg særleg ved «En annen verden er mulig», det er som om teksten sjølv ikkje har bestemt seg for kva han skal handle (mest) om. Derimot er «Jonathan Ruges lange marsj» ein original, uføreseieleg, fornøyeleg og urovekkande tekst om møtet ein kjendisskribent har med ein ung beundrar.
Godt språk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.