Bok
Undringas poetikk
I dikta til Thor Sørheim dominerer eit kvardagsleg blikk som evnar å lyfte seg utover seg sjølv, mot mytologiske og politiske samanhengar.
Ordet skeid har norrønt opphav og tydar mellom anna hesteløp og siktar til eit ritual der vinnarhesten vert ofra til gudane. Titteldiktet er vigd Anna Widéns hesteskulptur «Etter skeid» som er plassert ved Nitelva. Skedsmo og landskapa rundt verkar å vere sentrale omdreiingspunkt i Thor Sørheims nye diktbok.
Skeid har òg ei rekkje andre tydingar, som til dømes ein veg mellom åkrane på ein gard. Og i dikta til Sørheim møter ein mellom anna vegar, køar, bilar, hestar, arkitektur, åkrar, ein granhekk og Jesus i øydemarka. Eg tenkjer at poetikken til Sørheim vert fint samanfatta i desse linene: «Tro kan ikke flytte fjell, men undring kan føre fram/ til nye innsikter.»
Dikta vender seg både mot ulike landskap og mot ulike kunstverk. Det som er felles, er at dei byggjer på små observasjonar og augeblikk som fortettar seg til undring og lyftar seg ut or seg sjølv. Jamvel om dikta er rota i ein gjennomgåande kvardagsleg horisont, utan påtrengjande språklege faktar, utviklar dei ei rekkje motiv som gjer at dei utvidar kvarandre. Eit av desse motiva er smelteprosessar, sykliske forandringar, det nye som ei gjentaking, og desse prosessane gjeld ikkje berre i naturen: «For andre gang/ skal dette jordstykket ligge øde og flatt,/ før den nye tid reiser seg med utfallende marg». Og opningsdiktet «Hvit åker» skildrar nærmast ein naturens palimpsest, eit pergament der den opphavlege skrifta er fjerna: «De skarpe skisporene er borte,/ og plogsvingene,og til og med Himmelspretten/ er smeltet og flatpakket.» Så har ein også attergangarmotivet, den mytologiske transformasjonen som ein finn i diktet «Granhekken», der ein av dei fyrste granhekkane på Strømmen forvandlar seg til oskereia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.