Bok
Underleg vent
I Sjögrens lyrikk er ein i verdskvervelen av skaping og øydelegging.
Lennart Sjögren er busett på Öland og har skrive poesi i over 60 år.
Foto: Mattias Johansson
Lennart Sjögren har skrive drygt tretti diktbøker sidan 1950-åra og må reknast som ein nestor i svensk lyrikk. Den norske gjendiktinga av I greinverket kjem ut nesten samtidig som den svenske originalutgåva. Det er gjævt gjort av Nordsjøforlaget.
I greinverket er ei underleg og ven diktbok. Dikta talar utvunge med dyr og steinar, og ein istapp fortel om livet sitt, og eget oppsøker bossdunken «der eg har vore før/ og trudd eg høyrde metalla snakka». Lesaren kjem i stuss om kva plass ein er, når ein les følgjande: «På ei vogn trekt av store insekt/ syner heilt bortgøymde skapningar seg og slike/ som enno ikkje er fødde.»
I det vesle kursiverte opningsdiktet finst ei oppmoding: «Unnvik ikkje ekstasen/ no når tørken/ breier seg stendig meir over dei indre områda.» Diktet peikar på det å stå utover seg sjølv og å vere bortrykt, slik ein er i ekstasen. Det er kanskje nett den rørsla som vert påtala i Lennart Sjögrens lyrikk, at grensene mellom dyr, ting og menneske vert overskridne, nesten oppløyste – og likevel ikkje.
Verket
Dikta fører lesaren inn i ei uforklarleg mellomtilstand der det korkje er dag eller natt, der alt finst og ikkje finst på same tid. Ein tredje stad der ein kan treffe på «ein fugl som knapt er fugl/ likevel rekna til fuglane». Kanskje er det dette som er å vere levande. Det er som om dikta gryr fram or paradokset, «reiser» seg i «splinteret» eller kvervelen av eit språk som heile tida øydelegg seg og formar seg om – og er det same.
Gløttar ein på det andre leddet i tittelen på boka, verk, siktar ordet til handling, i tillegg til at det markerer smerte, kan tyde ei mekanisme eller ein konstruksjon og er ein heilskap. Eg trur dette kan vere moglege punkt å ha med seg når ein les Sjögrens dikt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.